254 millionar til forskingssamarbeid med Sør

Forskingsprogrammet NUFU har tildelt 254 millionar kroner til 49 ulike prosjekt for vidare styrking av forskings-kompetansen ved universiteta i nokre av verdas fattigaste land.

- NUFU bidreg til at vi får ny og viktig kunnskap knytt til dei største og viktigaste problema utviklingsland slit med. Slikt samarbeid verkar kompetansebyggjande både i utviklings-land og her heime kring nokre av dei
viktigaste kunnskapsutfordringane i vår tid, seier professor Rune Nilsen, leiar for Universitets- og høgskolerådets program for utviklingsrelatert forsking og utdanning (NUFU) i ei pressemelding.

Verdfull kunnskap

Nilsen trekker fram kampen mot HIV-spreiing i Tanzania og forsking knytt til ernæring, barn og helse i Uganda og Nepal som døme på gode NUFU-prosjekt. Forskingssamarbeid om datastøtta utvikling av ordbøker for talespråk i Zimbabwe og utfordringar knytt til minoritetar i Botswana og
Guatemala er òg innvilga.

- NUFU er ein norsk suksess i internasjonal samanheng. Samstundes har NUFU gitt norske universitetsmiljø verdfull kunnskap og sjanse til å vera
leiande i internasjonal forsking på fleire område, meiner Rune Nilsen. NUFU er finansiert med vel 60 millionar kroner årleg frå NORAD, i tillegg til
omfattande eigenfinansiering frå norske lærestader.

Ein milliard

Dei første ti åra har vel 600 forskarar frå Sør og 400 frå Noreg delteke i samarbeidet. Det har resultert i 2662 vitskaplege dokument medan 422 mastergradskandidatar og 121 doktorgradskandidatar til no er utdanna
gjennom NUFU.

Til den tredje NUFU-perioden har forskarane kome med 141 framlegg om samarbeid mellom universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Til saman er det søkt om nær ein milliard kroner innan så å seie alle vitskaplege
disiplinar. Styret har no førebels gitt tilsegn om 254 millionar kroner over ein fem-årsperiode. Ein rest på vel 20 prosent er sett av med tanke på ein ny søknadsrunde neste år.

Krig stoppar NUFU

NUFU-styret valde førebels å stoppe fleire pågåande prosjekt med Mellom-Amerika og Dei palestinske områda grunna vanskane som har vore med forskingssamarbeidet i desse regionane. Det er nær umogleg å drive NUFU-samarbeid med institusjonar som ikkje fungerer eller i område der det
er krig som i Palestina. Eitt prosjekt i Guatemala og eitt i Palestina vart innvilga ut frå særlege omsyn.

Ingen søknader frå Bangladesh vart innvilga. Styret valde òg å ikkje sette i gang samarbeid med nye land i NUFU-samanheng som Indonesia, India og Madagaskar.

Emneord: Internasjonalisering
Publisert 1. okt. 2001 10:51 - Sist endra 10. des. 2008 14:39
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere