Moskva-senter viste seg fram på Forskingstorget

Senter for medisinske studiar i Moskva og Institutt for teoretisk astrofysikk var dei to einaste fagmiljøa ved Universitetet i Oslo som deltok på Forskingstorget på Universitetsplassen sist helg.

Anton Golovnin er genforskar og Julia Ferkis er dagleg leiar ved Senter for medisinske studiar i Moskva.

Senter for medisinske studiar i Moskva ligg under Det medisinske fakultetet og blei etablert av Kollegiet i 1993. Målet med senteret er å unngå hjerneflukt av unge forskartalent frå russiske forskingsinstitusjonar. Eit anna viktig mål er å stimulere informasjonsflyten og nettverksarbeidet mellom medisinske fagmiljø i Russland og Skandinavia.

- Me har nyleg fått restaurert lokala våre i sentrum av Moskva noko me sjølvsagt er svært nøgde med, seier styreleiar Frode Lærum og dagleg leiar Julia Ferkis til Uniforum. Senteret har også ein formell samarbeidsavtale med Det russiske vitskapsakademiet, Sechenov Medical Academy og Institute of Biophysics i Ozyorsk. Mellom 1993 og 2001 finansierte senteret over 90 forskarårsverk i Moskva.

I skrivande stund arbeider 12 forskingsstipendiatar og ein seniorforskar ved senteret. Dei er tilsette ved the Engelhardt Institute of Molecular Biology og ved Institute of Gene Biology ved Det russiske vitskapsakademiet. Frå 1993 til 2001 publiserte desse forskingsstipendiatane 85 vitskaplege artiklar, fleire av dei i forskingstidsskrift som Nature og Science.

Emneord: Medisin, Sentrene Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2001 15:10 - Sist endra 10. des. 2008 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere