UiO og Norsk Regnesentral styrkjer samarbeidet

UiO og Norsk Regnesentral har inngått ein intensjonsavtale for å styrkja samarbeidet blant anna innan utvikling av e-læring og bioinformatikk. - Avtalen vil betra infrastrukturen til forskingsmiljøa i Oslo-området, og gjera dei meir konkurransedyktige, seier universitetsdirektør Tor Saglie.

- Avtalen mellom UiO og Norsk Regnesentral vil styrkja forskingsmiljøa i Oslo-området, trur universitetsdirektør Tor Saglie.
Foto: Martin Toft

I intensjonsavtalen mellom forskingsinstituttet Norsk Regnesentral og UiO er det lista opp kva innhald ein seinare endeleg avtale om nærare forskingssamarbeid mellom dei to institusjonane skal ha.

- Det har lenge vore eit uformelt samarbeid mellom forskingsmiljø ved UiO og Norsk Regnesentral. Fleire forskarar ved Norsk Regnesentral har blant anna hatt bistillingar ved universitetet. Med ein slik avtale kan me gå gjennom det faglege innhaldet i samarbeidet og formalisera det meir i høve til i dag, understrekar universitetsdirektør Tor Saglie ved Universitetet i Oslo.

Han viser til at det i framtida også kan bli aktuelt å formalisera samarbeidet gjennom å etablera eit felles aksjeselskap som kan ta på seg eksternt finansierte forskingsoppdrag. Alternativet til eit aksjeselskap kan bli ei stifting.

Ingen tvang

Universitetsdirektøren legg samtidig vekt på at universitetet ikkje ynskjer å tvinga forskarane til eit bestemt samarbeid.

- Universitetsleiinga vil ikkje tre dette forskingsamarbeidet nedover hovuda på forskarane som driv med grunnforsking utan at dei har lyst til det sjølve. Men avtalen vil gjera det mogleg for grunnforskingsmiljøa å driva med meir oppdragsfinansiert forsking enn kva dei driv på med i dag, seier han.

Også i samband med satsinga på genteknologi gjennom FUGE-prosjektet (funksjonell genomforsking i Noreg), ser Saglie store og viktige utfordringar for både Norsk Regnesentral og UiO.

- Bioinformatikk og e-læring blir viktige delområde i FUGE-satsinga. Det vil seia at det vil bli løyvd ein god del forskingspengar til desse områda. Med eit forskingssamarbeid mellom Norsk Regnesentral og UiO vil me saman stå sterkare i konkurransen når desse pengane skal fordelast, meiner Saglie.

Betre forskingsidear

Også administrerande direktør Ole Henrik Ellestad ved Norsk Regnesentral er godt nøgd med intensjonsavtalen mellom dei to forskingsinstitusjonane.

- Me har lenge ynskt eit utvida, formalisert samarbeid med Universitetet i Oslo fordi me meiner at framtida til forskingsinstitutta er å samarbeida med dei lokale læringsinstitusjonane. Det er dessutan viktig med ein handfast avtale, eit formalisert opplegg og leiarar som jobbar fram slike avtalar i tillegg til tilfeldig kontakt mellom forskarane sjølve, seier Ellestad. Han trur at samarbeidet mellom dei to institusjonane kan føra til betre og meir spenstige og fruktbare forskingsidear.

- No slår me saman UiOs styrke som er langsiktig forsking og undervisning og Norsk Regnesentrals styrke som er den eksternt finansierte oppdragsforskinga. Slik kan me få ei betre posisjonering i høve til konkurrentane våre og skapa eit miljø som kan utvikla og få gjennomført nye forskingsprosjekt¨på ein kompetent måte, håpar Ellestad, som inviterer eit breitt fagmiljø til å inngå forskingssamarbeid med Norsk Regnesentral.

- Det er sjølvsagt den breie kunnskapen vår om statistikk og IKT (informasjons- og kommuniskasjonsteknologi) som er vårt største fortrinn, og me vil satsa vidare på å utvikla det nære samarbeidet med realfaga ved UiO. Men også innanfor humaniora og samfunnsvitskapen finst det fagområde der forskarane vil ha store fordelar av samarbeid. Og så vil jo dette kunne utvikla seg over tid til ei meir omfattande og vidtfemnande verksemd, seier Ellestad.

Emneord: Forskning, Forskningssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 11. juli 2001 13:47 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere