- NSU fortener å ha nærkontakt med Giske

-Norsk Studentunion fortener den gode kontakten som me i dag har med Trond Giske. For på 1990-talet sende NSU ein førespurnad om møte med den dåverande statsråden fire gonger utan ein gong å få svar, fortel NSU-leiar Trond Larsen.

- NSUs fremste mål er å få endra studiefinansieringsordninga til Trond Giske, seier leiar Trond Larsen.
Foto: Ståle Skogstad

Den nyvalde NSU-leiaren er vaksen opp i Svelvik i Vestfold, men har dei siste åra vore student ved Universitetet i Oslo. Der har han sysselsett seg sjølv med studiar i statsvitskap grunnfag og med eitt års praksis som studentrepresentant i Kollegiet. No har han overtatt etter Ine Saxvik som dei norske studentane sin fremste tillitsvalde. Ei av dei viktigaste oppgåvene hans er å avliva myten om at studentane får lettare tilgang til statsråd Giskes kontor enn universitetsrektorane og fagforeiningane til forskarane.

- Ein ståande spøk er jo at representantane for Norsk Studenunion berre kan ringja på døra til statsråd Trond Giske, og så vil han koma springande ut med ein gong. Så enkelt er det nok ikkje. Men eg vedgår gjerne at det har vore viktig for oss å ha ein statsråd som ikkje har gløymd korleis det var å vera student. Av og til har det sjølvsagt også vore eit problem, spesielt dei gongene han brukar seg sjølv som døme på gjennomsnittsstudenten. Trond Giske var på ingen måte nokon gjennomsnittsstudent. Hadde han vore det , ville han aldri hatt tid til å driva med politikk ved sidan av studiene, konstaterer Trond Larsen.

Lærestaden må få ansvaret

Trass i den gode kontakten i samband med arbeidet med å sy saman Kvalitetsreforma av høgare utdanning, er han ikkje nøgd med Giskes framlegg til ny studiefinaniseringsordning.
- Når studenten ikkje vil få omgjort lånet sitt til stipend før han eller ho har bestått eksamen, legg Giske heile ansvaret på studenten og ikkje på lærestaden. I innstillinga til Aamodt-utvalet, som blei oppretta av KrF-statsråden Jon Lilletun, var det nemleg lærestaden som skulle ta dei økonomiske kostnadane om studenten ikkje klarte eksamen. På den måten ville lærestaden satsa maksimalt på studiekvalitet, slik at færrast mogleg av studentane ville stryka til eksamen. Den viktigaste oppgåva for NSU no blir difor å få studiefinaniseringsordninga til å likna meir på den opprinnelege innstillinga til Mjøsutvalet, seier Larsen.

Omlegginga av gradstrukturen er han derimot svært nøgd med.
- Ja, dersom det blir fleire forelesingar og meir bruk av andre undervisningsformer enn i dag, så trur eg kvaliteten på hovudfagsstudiet vil gå opp, sjølv om det skal gjerast unna på fem år i staden for på seks år som i dag. Dersom det skjer, vil kvaliteten på studia gå opp, og dersom semestera også blir lenger enn i dag, vil den effektive omlegginga ikkje føra til tap av eitt år med læring. Dessutan stiller eg meg tvilande til behovet for seks år med eit hovudfagsstudium, så lenge folk må etterutdanna seg heile tida for å vera oppdaterte på det dei jobbar med, meiner NSU-leiaren. Han har allereie blitt godt varm i trøya som NSU-leiar sidan Kvalitetsreforma av høgare utdanning blei vedtatt av Stortinget like etter at han tok over leiarvervet etter Ine Saxvik.

- Det viktigaste for oss, blir å få gjennomført hovudtiltaka i denne meldinga, og få endra Giskes framlegg til studiefinansiering. Høgre og resten av opposisjonen står på vår side i den saka, men kva dei gjer om dei skulle få makta etter Stortingsvalet er ei anna sak, slår han fast.

Kan studentpolitikk

Larsen takka ja til å bli NSU-leiar fordi han såg vervet som ei stor utfordring.
- Etter at eg kom inn i fagutvalet ved Institutt for statsvitskap balla det så på seg med studentpolitikk at eg til slutt sat som studentrepresentant i Kollegiet. Difor er dette noko eg verkeleg kan, og det er grunnen til at eg har noko å bidra med i NSU, seier Larsen. Tida i Kollegiet var lærerik, men også spesiell, synest han.

- Det må vera det einaste styringorganet der nokon både kan vera med i eit styre og samtidig vera i opposisjon til det same styret, og kunna gå ut og kritisera styrevedtak etter styremøta. Studentrepresentantane i Kollegiet fungerer jo nettopp på den måten. I eit anna styre, ville det ha blitt sett på som illojalt, men ikkje i Kollegiet, minnest Larsen, som også har ansvaret for gjennomføringa av viktige endringar i organisasjonen NSU.

- I rolla som NSU-leiar er den viktigaste interne saka å få gjennomført ei eventuell samanslåing med Studentenes Landsforbund så smertefritt som mogleg. Så får tida visa om NTNU-studentane også vil venda tilbake til faderorganisasjonen NSU, når dei har fått tenkt seg om ei stund til, seier Larsen.

Studentengasjementet lever

Om eitt år er tida som NSU-leiar over. Då vender han tilbake til studiene ved Universitetet i Oslo.
- Eg har alltid trivst fantastisk godt som student på Blindern. Men nye studentar som synest det er litt for stort og overveldande, må hugsa på at nykelen til å knyta nye vennskap er å melda seg inn i ein av dei mange hundre studentorganisasjonane ved UiO. Dei er jo også eit godt prov på at studentengasjementet lever i beste velgåande og at studentane ikkje berre engasjerer seg i prisen på ein halvliter øl i puben. Undersøkinga som hevdar at studentane er sjølvopptekne, kan ikkje ha tatt omsyn til at over 3000 studentar og tilsette demonstrerte for betre økonomiske vilkår for Universitetet i Oslo midt i eksamenstida i november i fjor.

- 8. oktober er det rektorval ved UiO. Kven vil du be studentane om å stemma på?

- Den som vil gjera mest for å betra studiekvaliteten ved universitet ved å gjera læringa betre og ha evna til å gjennomføra dette, er rådet frå NSU-leiar Trond Larsen.

Emneord: Studentforhold, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 26. juli 2001 10:27 - Sist endra 10. des. 2008 15:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere