Milliongåve til vaksinasjonsprogram

Kursdeltakarene har begynt å pakka saman papira sine då Gunnar Bjune tek ordet. - Eg lovte dykk å koma med ei kunngjering, smiler han. - Er det nokon som vil ha ein million kroner?

Ekteparet dr. Salima Rahman og dr. Zakiul Islam Jaruque håpar at vaksinasjonsprosjketet deira i Bangladesh kan få nyta godt av milliongåva
Foto: Ståle Skogstad

Professoren i internasjonal helse fangar uten vanske merksemda til deltakarane på kurset i samfunnsmedisin ved den internasjonale sommarskulen (ISS). Det er stille i rommet medan han inviterer dei til å tenkja ut idear, kontakta helsestyresmaktene i heimlandet, og koma tilbake med ein søknad. Alt i løpet av ein snau månad.

- Det er to vilkår: pengane skal gå til eit vaksinasjonsprosjekt, og dei må ikkje vera til hinder for at prosjektet framleis er berekraftig når prosjektet er slutt, seier Bjune før han opnar for spørsmål frå forsamlinga. Halvveges ut i det andre svaret sigrar opphissinga til deltakarene over oppdragelsen, og brått pratar alle i munnen på kvarandre.

- Bangladesh har eit stort vaksinasjonsprogram, fortel dr. Salima Rahman oss når tilhøva har roa seg litt. - Men i Rangpur Dinajpur-regionen, lengst nord i landet, er det ofte vanskar med å nå fram til alle. Ofte må vi reisa rundt i båter for å nå fram til folk. Kvinner og barn er dei som oftast vert skadelidande.

Saman med mannen sin Zakiul Islam Jaruque, som òg er lege, arbeider ho for å betra tilhøva for befolkninga på landsbygda i regionen. Det er spesielt tuberkulose og spedalskheit dei vaksinerer mot, og i tillegg jobbar dei med mor-og-barn-helse og augesjukdommar.

- Vi er nøydde til å samarbeida med styresmaktene og få deira godkjenning av søknaden, fortel Jaruque, men fortel at det kan ta fleire dagar å få svar når ein kontaktar byråkratiet i Dhaka. Bjune understrekar òg viktigheita av å ha kontakt med styresmaktene. - Pengane kan godt gå til eit lokalt prosjekt, men det er viktig at helsedepartementet i landet er orientert.

- Vi har reist mykje, og sett mykje naud og elendigheit. Derfor synest vi det var rett å gje pengar til menneske som manglar mat og medisinar, fortel Erna Eng på telefon frå Askim. Det er ho og mannen Knut som gjev bort millionen. Tidlegare har dei støtta prosjekt over nær sagt heile kloden, frå barnebyar i Murmansk til sjukehus i Kamerun.

- Det siste kosta ein halv million å byggja, og lønsutgiftene utgjer 250.000,- i året, fortel ho. - Pengane rekk mykje lenger i andre land enn her.

Ho kan ikkje få fullrost alle andre som deltek i prosjekta dei støttar.

- Sjølve har vi det vi treng, og det har borna våre òg. Men vi hjelper berre til med verktyet, det er dei fantastiske folka som reiser ut med familie og barn, som skal ha æra, understrekar ho.

Det er andre året på rad Bjune får gleda av å dela ut ein million kroner på sommarskulen. - I fjor fekk vi inn tre gode søknadar, og valet fall til slutt på eit prosjekt i Ecuador. Det som er så fint med dette, er at det gjev ein konkret og handfast illustrasjon på kor viktig og riktig internasjonalisering er for UiO.

Emneord: Internasjonalisering, Universitetssamarbeid Av Torstein Helleve
Publisert 4. juli 2001 15:58 - Sist endra 10. des. 2008 15:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere