Datafaga mest populære ved UiO

Det er dei tre nyoppretta fem år lange profesjonsstudia i informatikk ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet som er dei mest populære studia ved Universitetet i Oslo. Det viser Samordna opptaks oversikt over opptak til UiO for studieåret 2001/2002. I alt får om lag 8500 søkjarar tilbod om studieplass.

- Det er gledeleg å konstatera at dei nyoppretta profesjonsstudia i informatikk er blitt så høgt verdsette blant søkjarane, seier avdelingsdirektør Toril Johansson.
Foto: Ståle Skogstad

Det er 330 søkjarar som har linja for systemutvikling og datakommunikasjon ved profesjonsstudiet i informatikk som førsteprioritet. Berre 30 vil få tilbod om studieplass. Når det gjeld dei to andre nyoppretta linjene på dette profesjonsstudiet, teknisk programvare og mikroelektronikk, har høvesvis 29 og 49 søkjarar desse studia som førsteprioritet, medan berre 22 vil få tilbod om studieplass ved desse studia.

Nedgang på andre realfag

Søkinga til dei andre realfaga er framleis lågare enn ynskjeleg sjølv om summen av søkjarar til dei nye informatikkstudia og dei andre realfagsstudia har gått noko opp frå i fjor. Det er 983 søkjarar som har eit studium på dei andre realfagsstudia ved UiO som førsteprioritet, medan det til saman er 1019 studieplassar. Det er truleg mykje dårlegare enn venta når me tar omsyn til kor sterkt UiO har satsa på å få rekruttert fleire studentar til desse realfaga.

Når det gjeld poengsummen for å kunna få tilbod om ein av de 210 studieplassane på medisin, så har den gått opp med 0,4 til 62,2 for dei som kjem rett frå den vidaregåande skulen og har fått plass på haustsemesteret, medan summen for dei som har fått tilleggspoeng har stige frå 71 til 71,7 konkurransepoeng.

Alle som har søkt Det historisk-filosofiske fakultetet, Det samfunnsvitskaplege fakultetet, Det utdanningsvitskaplege fakultetet og Det teologiske fakultetet, vil i år som i fjor få tilbod om studieplass.

Same trend som før

Avdelingsdirektør Toril Johansson ved Studie- og forskingsadministrativ avdeling ved Universitetet i Oslo er ikkje overraska over desse søkjartala.

- Nei, desse tala tolkar eg som ei vidareføring av den same trenden me har hatt dei siste åra. Samtidig er det gledeleg å konstatera at dei nyoppretta profesjonsstudia i informatikk er blitt så høgt verdsette blant søkjarane. Det er tankevekkjande at søkjarane vel slike strukturerte og spesialiserte studieløp nett no når gradsstrukturen i høgre utdanning er under omlegging.

- Likevel har dei andre faga på realfag hatt ein klar nedgang i søkinga. Kva er grunnen til det?

- Samla sett går ikkje søkinga til realfaga ned, men me skulle gjerne hatt ein vekst i søkinga. Det er truleg altfor få som tar realfag i den vidaregåande skulen, og difor er det også få som søkjer seg inn på realfagstudia når dei skal ta høgare utdanning.

- Universitetet i Oslo har jo hatt fleire marknadsføringskampanjar for å få fleire søkjarar til realfaga. Kvifor lykkast ein ikkje med dette?

- Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har besøkt mange vidaregåande skular for å få opp interessa både for til dømes matematikkfaget og fysikkfaget. Det er mogleg at interessa for realfag må vekkjast allereie i grunnskulen dersom me skal få fleire til å søkja om studieplass på realfaga, seier avdelingsdirektør Toril Johansson ved UiO.

Emneord: Studentsaker, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 25. juli 2001 13:21 - Sist endra 10. des. 2008 14:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere