UiO ber staten finansiera studentutveksling

Alle dei høgare utdanningsinstitusjonane i Noreg må få utbetalt 5000 kroner for kvar student dei sender ut eller tar imot for å styrkja studentutvekslinga. Det foreslår Universitetet i Oslo som får støtte frå elleve andre utdanningsinstitusjonar.

Dei ansvarlege for studentutvekslinga ved University of Arizona, Tucson; f.v. Robert Kostrzeski, Nicole Bilodeau, direktør Christine Erkman og Renee Griggs.
Foto: Martin Toft

- UiO-studentane har gjort det svært godt på eksamenane dei har tatt her, og me tar difor gjerne imot fleire, fortel Christine Erkman som er direktør for studentutvekslingprogrammet ved University of Arizona i Tucson.

Universitetet i Oslo har nemleg allereie innført gunstige ordningar for studentar på lågare grad som ynskjer å studera i USA. Gjennom avtalar med åtte amerikanske universitet kan studentar i psykologi, kjemi, fysikk, informatikk, matematikk, meteorologi, britiske og amerikanske studiar få tilbod om å ta eit studieår i USA med førehandsgodkjente kurs til overkommelege prisar. Representantar frå desse faga og Seksjon for internasjonale program har besøkt åtte amerikanske universitet og funne fram til kurs som vil passa inn i studieplanane på lågare grad, samtidig som dei har blitt forsikra om at det vil vera plass til eit avgrensa tal med UiO-studentar på desse kursa. Avtalen fører også til at dei aktuelle studentane vil få redusert skulepengane på desse plassane, og dei vil også få hjelp til å skaffa seg bustad under studieopphaldet.

Alle studentane vil få eit gebyrstipend på 50 000 norske kroner som vil dekka skulepengar i tillegg til ein kombinasjon av lån og stipend som skal dekka dei andre utgiftene. Universitetet i Oslo ynskjer også å tilby amerikanske og andre utanlandske studentar gunstige vilkår for å få dei til å ta eit studieopphald i Noreg.

- Diverre er det førebels slik at med sender ut fleire studentar enn me tar imot, men med litt økonomisk stimulans vil fagmiljøa i Oslo lettare kunne leggja til rette for å ta imot studentar frå utanlandske lærestader, seier førstekonsulent Guri Vestad ved Seksjon for internasjonale program ved UiO. Ho trur at studentutvekslingsprogrammet uio@usa vil syta for at mange UiO-studentar drar til kvalitetssikra amerikanske universitet.

- Dette programmet viser kva me kan få til gjennom tett oppfylging av våre eigne studentar. Gjennom stimuleringsmidlar kan me halda fram med å utvikla kvalitetssikra utvekslingsprogram slik dei norske styresmaktene ynskjer, påpeikar Vestad.

31 millionar

Difor ber institusjonen om at utanlandske studentar i Noreg som ikkje mottar støtte frå Lånekassen, får ekstra økonomisk støtte. Dette "taksametersystemet" vil kosta i underkant av 31 millionar kroner, altså under 10 prosent av dei 400 millionar kronene som norske studentar mottok i gebyrstipend i studieåret 1999-2000. Med ei slik ordning kan det også utviklast fleire internasjonale studieprogram, blant anna ved å ha eit variert og interessant studietilbod på engelsk, understrekar UiO i ein kommentar til Stortingsmeldinga om høgare utdanning.

Flinke UiO-studentar

Eit av dei amerikanske universiteta Universitetet i Oslo har inngått eit studentutvekslingssamarbeid med er University of Arizona i Tucson. I denne ørkenbyen på rundt 800 000 innbyggjarar er universitetet og flybasen dei viktigaste arbeidsgjevarane med høvesvis 12 000 og 15 000 tilsette. Til saman har universitetet rundt 34 000 studentar, og årleg har 14 UiO-studentar høve til å studera der. Det vil kosta dei rundt 52 000 kroner i året i skulepengar og avgifter.

Det er studentar i fysikk, kjemi, matematikk og psykologi som kan ta eit studieopphald ved dette universitetet. Christine Erkman er direktør for studentutvekslingsprogrammet og ho er godt nøgd med røynslene med dei tre studentane frå UiO som var der dette semesteret.

- Dei har gjort det svært godt på dei eksamenane dei har tatt, og dei har også oppført seg eksemplarisk. Difor ser eg fram til å ta imot dei åtte studentane som me ventar neste skuleår, seier Erkman. Ho kan lova dei innkvartering i bufellesskap med andre studentar. Likevel trur ho det er ting som vil skapa frustrasjonar hos studentane.

Byråkrati

- Det er sikkert mange som ikkje ventar det, men universitetsbyråkratiet i USA kjem ofte som eit sjokk på studentane. Difor må dei rekna med at det vil ta om lag ein månad før dei har fått ordna alle formalitetar som har å gjera med opphaldet her. Ein annan ting som dei sikkert ikkje er vande med frå Noreg, er det faktum at det er obligatorisk oppmøte på alle forelesingar. Om studentane ikkje møter opp, fører universitetslæraren dei opp i boka. Så difor vil eg tilrå studentane å møta opp, sjølv om dei ikkje alltid er godt nok førebudde. Å ha møtt opp på alle forelesingar vil nemleg telja med når læraren bestemmer den endelege karakteren, understrekar ho.

Ein annan ting ho vil be studentane bita seg merke i, er det dårleg utbygde offentlege kommunikasjonssystemet i Tucson tilliks med andre amerikanske byar.
- Difor vil eg be studentane om å gå saman om å kjøpa seg ein bil eller dela utgiftene med ein annan student som har bil. Men for å koma litt rundt på universitetsområdet vil det vera lurt å gå til innkjøp av ein sykkel, seier ho.

Drikk vatn!

Tucson ligg midt inne i eit ørkenområde i Arizona og temperaturen kan koma opp i nærare 40 varmegrader i den varmaste tida på året.

- Me oppfordrar alle studentar til å drikka masse vatn heile tida. På det varmaste kan folk få heteslag i løpet av ein halvtime, og då vil det bera rett til sjukehuset. Om så gale skulle skje, så må studentane vera merksame på at den norske statlege sjukeforsikringa også gjeld i USA, slik at det ikkje vil vera naudsynt for dei å teikna eiga helseforsikring i USA, opplyser ho til Uniforum. Ho oppfordrar gjerne UiO-studentar til å koma til Tucson.

- Ja, det er klart. Og då vil me syta for at dei får ein eigen vertsfamilie som vil koma og henta dei på flyplassen, og som kan invitera dei heim til seg i jula eller i andre høgtider. Alle studentane blir også tatt med på ein rundtur i Arizona før dei tar til med studiene. Dessutan gir eg dei alltid mitt private telefonnummer i tilfelle dei skulle hamna i trøbbel. På mange måtar kjenner eg meg som ei mor for desse utvekslingsstudentane, ler Erkman, før ho minner dei om at dei også må ta med seg varme klede.

- I januar snødde det faktisk i Tucson, fortel ho.

Matematikk i meisterklasse

I Matematikkbygningen i utkanten av campuset til University of Arizona i Tucson, treff me den norsk-amerikanske matematikkprofessoren David Lomen. Han har opphalde seg eitt år som forskar ved UiO, og er glad for å kunna ta imot studentar frå UiO i Tucson.

- Dei matematikkstudentane eg har hatt gleda av å vera lærar for her, har alle vore glimrande studentar, så eg ser absolutt fram til å ta imot fleire studentar frå Noreg, seier Lomen, som gjerne legg til at Matematisk institutt ved University of Arizona, Tucson blir rekna for å tilhøyra dei fem beste matematikkmiljøa i USA.

- Det har ikkje alltid vore slik, men etter at me for ein del år sidan fann ut at det var svært få av matematikkstudentane som tok endeleg eksamen, bestemte me oss for å innføra eit maksimumstal på 35 studentar i kvar klasse. Dermed blei det betre kommunikasjon mellom studentane og lærarane og mange fleire studentar gjekk vidare og spesialiserte seg i matematikk. Dei studentane som kjem hit må også vera merksame på at me er meir opptekne av Applied Mathematics eller praktisk matematikk medan dei europeiske universiteta er sterkare på teoretisk matematikk. Resultatet av dette er at me også forskar på korleis andre fag kan ta i bruk matematiske modellar for å få svar på ting som har å gjera med biologi eller med økonomi, fortel Lomen.

Emneord: Universitetssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 6. juni 2001 16:46 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere