St. Olavs Orden til Hans Prydz

- Eg synest det er svært bra at dei kan premiera ein person som har vigd heile livet sitt til vitskapen med ein slik æresorden. Det seier direktør for Bioteknologisenteret og medisinprofessor Hans Prydz i ein kommentar til at han er utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

- Eg set pris på at dei premierer ein som har vigd heile livet sitt til vitskapen med St. Olavs Orden, seier medisinprofessor Hans Prydz.
Foto: Martin Toft

Han får ordenen for den viktige rolla han har spelt i den medisinske og biokjemiske grunnforskinga i Noreg. Det siste tiåret har han stått i brodden for forskinga innan bioteknologi ved Universitetet i Oslo. Sidan 1989 har han vore direktør for Bioteknologisenteret. Frå 1971 var han professor ved Universitetet i Tromsø, og frå 1980 bygde han opp og leia Institutt for indremedisinsk forsking ved Rikshospitalet. Men då han starta opp med bioteknologi-forskinga på 1960-talet,var det få som såg kor viktig denne forskinga kunne bli.

- Den gongen blei denne forskinga sett på som ein raritet. Men i USA der eg var som post.dok.-stipendiat, var dei så vidt kome i gang med forskinga på DNA-molekyla. I dag er situasjonen ein heilt annan. Her ved Bioteknologisenteret går det svært bra, ikkje minst på grunn av dei flinke studentane frå over 20 land som er her for tida. Difor skriv eg alltid i årsrapporten til Bioteknologisenteret at det er studentane som gjer livet verdt å leva, seier Prydz, som har vore rettleiar for over 30 doktorandar. Han er også svært stolt over den forskinga som går føre seg ved Bioteknologisenteret.

- Me har forsøkt å kombinera forsking av høg kvalitet med ein stor grad av fleksibilitet på eit høgt internasjonalt nivå. Sidan 75 prosent av inntektene våre kjem frå eksterne oppdragsgjevarar, tyder jo det på at det er nokon som har tru på oss, understrekar Prydz.

Av Martin Toft
Publisert 5. juni 2001 11:30 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere