Omstilling skal ikkje gi oppseiingar

Universitetet i Oslo skal så langt det er mogleg unngå oppseiingar som fylgje av omstilling. Det vedtok Kollegiet tysdag 19. juni. Universitetsdirektør Tor Saglie er nøgd med vedtaket medan fagforeiningane helst hadde sett at Omstillingsavtalen blei reforhandla.

Ulrik Sverdrup i Tenestemannslaget ved UiO meiner kompromisset om omstillingsavtalen i Kollegiet tilslører at dei eigentleg ynskjer å seia opp avtalen.
Foto: Ståle Skogstad

Kollegiet gav samtidig universitetsdirektør Tor Saglie fullmakt til å reforhandla UiOs avtaleverk knytt til omstilling med sikte på forenklingar av regelverk og prosedyrar. Dette framlegget blei vedtatt mot stemmene til representantane Olav Svorstøl, Astri Ottesen og Cathrine Fabricius Hansen. Dei ynskte heller å presisera at universitetsdirektøren skulle få fullmakt til å reforhandla omstillingsavtalen.

Oppgåva til universitetsdirektør Tor Saglie blir dermed å få til ei "avtalemessig" klargjering av Kollegiets intensjon om at UiO så langt det er mogleg skal unngå oppseiingar som fylgje av omstilling. Dette var eit framlegg som blei sydd saman i ein pause under kollegiemøtet etter at det var klart at det fjerde prikkpunktet i framlegget til vedtak frå universitetsdirektøren ikkje ville få fleirtal i Kollegiet.

Reagerte negativt

I framlegget til vedtak, heiter det blant anna at universitetsdirektøren får fullmakt til å "si opp den særskilte omstillingsavtalen som ble laget i forbindelse med Effektiviseringsprosjektet." Det var uttrykket "si opp" som hadde fått både fagforeiningane og fleire av kollegiemedlemane til å reagera negativt på den siste delen av framlegget til vedtak. I det endelege vedtaket ber Kollegiet også universitetsdirektøren om å setja i verk eit kompetanseutviklingsprogram retta mot linjeleiinga, med sikte på å styrkja evna til å handtera dei personalpolitiske og administrative sider ved omstilling og omorganiseringar.

Universitetsdirektøren blir også beden om å styrkja rådgjevings- og servicefunksjonane overfor linjeleiarar i høve til omstilling. Det blir dessutan bede om at det blir lagt til rette for at budsjettarbeidet i større grad får synleggjort omstillingskonsekvensar i arbeidet fram til endeleg kollegievedtak. Kollegiet ynskjer også at kostnadane ved omstillingstiltaka blir innarbeidd i budsjettet.

Saglie er nøgd

Universitetsdirektør Tor Saglie er godt nøgd med vedtaket og er overtydd om at det vil vera mogleg å få til omstilling ved UiO utan å seia opp folk.

- Ja så absolutt. Det er på ingen måte ynskeleg å gå til oppseiingar. Den naturlege avgangen det alltid er på arbeidsplassen vår, vil vera hovudutgangspunktet for omstillingsarbeidet. I tillegg kan naudsynte omstillingar planleggast gjennomførde ved å ta i bruk ulike positive verkemiddel basert på at folk gjer det av fri vilje. Det kan også vera aktuelt å tilby ulike former for økonomiske kompensasjonar i samband med dette.

- Vil vedtaket gjera det vanskelegare å få til naudsynt omstilling?

- Nei, Kollegiet gav universitetsdirektøren dei naudsynte fullmaktene til å reforhandla avtaleverket med sikte på å gjera det meir presist og dermed enklare å forstå for alle partar. Det er ein av fleire viktige føresetnader for at me skal bli dyktige på å gjennomføra naudsynte omlaftingar av vår organisasjon, samtidig som me tar vare på den einskilde opp i det heile.
- Er dette eit vedtak som gir den administrative universitetsleiinga nok handlingsrom?

- Eg er ikkje så opptatt av handlingsrommet. Det viktige er at me i fellesskap kjem fram til gode rammer rundt dei aktuelle omstillingsprosessane, og det er eg sikker på at me skal klara.

Fagforeiningane er misnøgde

Leiar for Forskarforbundet ved Universitetet i Oslo, Karin Gundersen er ikkje nøgd med vedtaket.

- Me ville i utgangspunktet klart føretrekt oppslutnad om mindretallet sitt framlegg til vedtak. Den eksisterande omstillingsavtalen er nettopp ei avtalemessig klargjering av intensjonen med unngåing av oppseiing. Avtalen er dessutan kjent av mange og har, når det gjeld teknisk-administrativt personale, sikra prosessar der det endelege resultatet er akseptert av alle, og der både arbeidsgjevar og arbeidstakar er blitt ansvarleggjorde. Ei oppseing av avtalen vil, etter vår meining, skapa uynskt og lite naudsynt uvisse i høve til ei framtid med budsjett-tilpassingar og varsla omdisponeringar og endringar i det vitskaplege personalet sine arbeidsvilkår, seier Gundersen.

Men Forskarforbundet stiller seg positiv til at Kollegiet har ei klar meining når det gjeld omstilling ved UiO.

- Me stiller oss sjølvsagt også positive til at UiO ynskjer å styrke kompetansen i alle ledd når det gjeld
omstilling. Med omsyn til budsjettarbeidet har organisasjonane lenge meint at synleggjering av og medvit omkring konsekvensar av omstilling har vore for dårleg. I samband med dette er det også Forskarforbundets håp at budsjettstyringa ved UiO snart vil kunne sjåast i samanheng med resultat og prosessar knytt til diskusjonen om fagdimensjonering og ikkje kun til budsjettkutt og budsjettilpassing, meiner Gundersen.

Nestleiar for Norsk Tenestemannslag ved UiO, Ruth Norseng og styremedlem Ulrik Sverdrup er heller ikkje nøgde med kollegievedtaket.

- NTL støttar synet til mindretalet i Kollegiet som kom med framlegg om å reforhandla omstillingsavtalen. Kjernepunktet i dagens omstillingsavtale er jo at ingen skal seiast opp under opp omstilling. Det endelege kollegievedtaket gjer det uklart om omstillingsavtalen blir reforhandla eller sagt opp, meiner Norseng og Sverdrup.

Tilsløring

- Kompromisset er ei tilsløring av at ein eigentleg ynskjer å seia opp omstillingsavtalen. Difor er det også sett ned ein komité av vitskapleg tilsette som skal sjå på kva konsekvensar ei eventuell omstilling vil få for dei vitskapleg tilsette., påpeikar dei.

Dessutan ser dei ein del interessemotsetnader mellom Kollegiet og universitetsdirektøren.
- Me konstaterer at Kollegiet syntest at dette var ei ubehageleg sak og helst ynskte å senda heile ballen tilbake til universitetsdirektøren medan universitetsdirektøren helst ville ha eit kollegievedtak i ryggen før han begynte arbeidet med omstillinga ved UiO. Det er bra at det er så sunne haldningar blant kollegiemedlemane at dei synest det er problematisk å gå med på eit vedtak som kan opna for oppseiingar av tilsette ved UiO. Men då burde dei også ha sagt klart i frå at dei ville at omstillingsavtalen skulle reforhandlast, synest Norseng og Sverdrup.

Emneord: Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 20. juni 2001 17:13 - Sist endra 10. des. 2008 15:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere