- Marknaden hindrar ny litteratur i Latin-Amerika

- Enno er det ingen ny litterær bylgje frå Latin-Amerika som har overtatt for Den magiske realismen . Det seier den meksikanske forfattaren og litteraturkritikaren, Carlos Monsivais.

- Marknaden hindrar utvikling av ny litteratur i Latin-Amerika, meiner den meksikanske forfattaren og litteraturkritikaren Carlos Monsivais.
Foto: Martin Toft

Tidlegare i vår deltok han på eit seminar om meksikansk litteratur i Georg Sverdrups hus på Blindern. Seminaret blei skipa til på initiativ frå førsteamanuensis Juan Pellicer ved Iberoromansk seksjon ved Klassisk og romansk institutt, UiO.

- Det er ikkje like lett å starta ei ny litterær bylgje i dag slik argentinaren Jorge Luis Borges, colombianaren Gabriel García Márquez og peruanaren Mario Vargas Llosa kunne starta opp Den magiske realismen på 1950-og 60-talet fordi det i dag er marknaden si lov som herskar i bokbransjen. Dette skjedde nettopp takka vera forfattarar som Gabriel García Márquez og Mario Vargas Llosa som skreiv bøker som blei bestseljarar, meiner Monsivais. I dag er det jungelen si lov som herskar i bokbransjen i Latin-Amerika, er påstanden hans.

- Ei bok som ikkje sel, vil forsvinna. Difor må ein forfattar ikkje berre ta omsyn til skrive- og kreativetsprosessen, men også til om boka vil kunna bli ein salssuksess. I motsett fall vil boka forsvinna frå marknaden før nokon veit ordet av det, slår han fast.

Poesikrise

- Korleis er forholdet mellom meksikansk litteratur og annan latinamerikansk litteratur?

- I Mexico herskar det no ei alvorleg krise innanfor poesien. I løpet av dei 20 siste åra har ikkje den meksikanske poesien fått økonomisk støtte. Difor er det ingen som veit om det har skjedd noko nytt innanfor denne litterære stilarten. På same tid har den kvinnelege meksikanske forfattaren Laura Esqivel over 400 000 bøker av romanen sin "Hjerter i chili" i Mexico. Men ho ville nok ha selt like mykje om ho hadde kome frå eit anna latinamerikansk land. Ho er altså meir ein felles latinamerikansk forfattar enn ein typisk meksikansk forfattar.

- Nei, det latinamerikanske landet der det skjer mest spennande ting innanfor litteraturen i dag er nok Cuba. Hovudgrunnen til dette er nok diktaturet, men også vanskane med å halda ut med mangelen på alle basisbehova i den kubanske kvardagen. I Mexico blir det skrive mykje god litteratur, men problemet er at den sel altfor dårleg, konstaterer Monsivais. Og det er slett ikkje berre dei uetablerte forfattarane som opplever at marknaden ikkje er på deira side.

- Heller ikkje bøkene til glimrande forfattarar som meksikanaren Carlos Fuentes og dei to store avdøde meksikanske forfattarane, Nobelprisvinnaren i litteratur, Octavio Paz eller Juan Rulfo sel godt i Mexico. Difor er det ei krise i distribusjonen av dei gode bøkene, og ei poesikrise i den meksikanske litteraturen i dag. Det vil av den grunn vera behov for å etablera ein felles latinamerikansk bokmarknad. I dag blir dei meksikanske forfattarane nemleg berre distribuerte i Mexico.

- Mexico er jo det største spanskspråklege landet i verda. Dette må jo tyda på at talet på lesarar i Mexico likevel er svært lågt?

- Det er nok heilt sant. Sjølv om Mexico i dag har eit folketal på 110 millionar, så når ikkje talet på daglege lesarar av bøker opp i meir enn ein million.

Framtida er demokratisk

- I Noreg veit folk ein god del om zapatistane og opprøret i Chiapas, men svært lite om meksikansk politikk. Kva er det som skjer i Mexico no etter at marsjen til zapatistane frå den sørlegaste deltstaten Chiapas til hovudstaden Mexico by for lengst er over?

- Zapatismarsjen var svært viktig. Eg veit ikkje kva den vil føra med seg i framtida. I alle fall var det ein demokratisk og fredeleg marsj der hovudkravet var eit enda betre og meir demokratisk samfunn. Ikkje minst krevde representantar for dei 11 millionar indianarane i Mexico sine rettar som urfolk. I tillegg likviderte denne marsjen venstresida si tru på at sosial omvelting kan skje ved hjelp av våpen. Dei skapte også eit håp om at det er mogleg å få til ei fredeleg og sivilisert løysing på dei sosiale og politiske problema Mexico strir med. I tillegg demonstrerte dei kor viktig deltakinga av kvinner i zapatistrørsla har blitt. Understrekinga av mangfaldet og det fleirkulturelle var to andre viktige punkt som blei vektlagde under denne marsjen og det skjedde akkurat i den augneblinken folk igjen var begynt å snakka om Mexico som eit homogent land.

- Kva rolle spelar leiaren eller talsmannen for zapatistane, kommandant Marcos no?

- Han er utan tvil zapatistane sin leiar og strateg. Han tok initiativet til marsjen. Men han er ikkje den einaste leiaren, og det er heller ikkje han som åleine bestemmer zapatistane sin framtidige strategi. Framtida er på ingen måte klar, sjølv om han er svært viktig for fredsforhandlingane med regjeringa. Det er framleis ei gåte for meg kva rolle kommandant Marcos kan koma til å spela etter at ein fredsavtale er blitt underteikna. Likevel er eg ikkje i tvil om at kommandant Marcos ved sidan av president Vicente Fox er den største og viktigaste leiaren i Mexico i dag, seier Monsivais som ser både ei lys og ei mørk framtid for heimlandet sitt.

- Kanskje ei meir positiv demokratisk framtid, men om det blir ei meir positiv framtid for heile landet kjem an på dei økonomiske vilkåra, og dei er det ingen som kan spå noko om i dag. Både fattigdomen og arbeidsløysa held fram og er i ferd med å¨bli verre på grunn av den økonomiske krisa i USA.

Emneord: Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 18. juni 2001 16:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere