- UiO er vår universitetsmodell

- Universitetet i Oslo tener som modell for oss når me no er i ferd med å etablera vårt eige nasjonale universitet. Det seier Bhutans utanriksminister, Higmi Yoeser Thinley som nyleg var på besøk ved UiO.

Bhutans utanriksminister Higmi Yoeser Thinley vil heller bruka omgrepet brutto nasjonal lykke enn bruttonasjonalprodukt som mål på utvikling.
Foto: Martin Toft

- Grunnen til at Bhutan ser på UiO som ein tenleg modell for sitt framtidige nasjonale universitet er at dette universitetet har stor internasjonal prestisje og er blitt lagt merke til internasjonalt. Fleire studentar frå Bhutan har også gått her, og me håpar at Avdeling for religionshistorie ved Institutt for kulturstudiar ved UiO kan bli ein mogleg samarbeidspartnar for oss, seier Bhutans utanriksminister, Higmi Yoeser Thinley til Uniforum.

"Gross National Happiness"

Under foredraget sitt i Georg Sverdrups hus, 25. april tok han også opp spørsmålet om ikkje det internasjonale økonomiske omgrepet "Gross National Product" kunne erstattast med alternativet "Gross National Happiness".

- Då tenkjer eg på at dette omgrepet kan nåast dersom desse fire vilkåra er oppfylte: sosial og økonomisk utvikling, støtte til kulturen, miljøvern og ei god styring av landet. Viss den symbolske bygningen eller landet kan oppfylla desse vilkåra, vil det gi grunnlag for ei god brutto nasjonal lykke for dei som bur der, meiner han.

Bhutan er likevel langt frå å nå dette målet, for Amnesty International viser til at 90 000 nepalskspråklege personar frå Bhutan lever som flyktningar i Nepal på grunn av at dei har opplevd overgrep eller undertrykking av språk og kultur i heimlandet. Bhutans utanriksminister stadfestar at det finst 90 000 personar i Nepal som hevdar at dei er flyktningar frå Bhutan.

- For vel ein månad sidan gjorde Bhutan og Nepal ein avtale som vil gjera det mogleg for styresmaktene i Nepal og Bhutan i fellesskap å gå rundt og intervjua folk i flyktningeleirane for å finna ut kven som kjem frå Bhutan og kven som ikkje gjer det. Dei som kan stadfesta at dei kjem frå Bhutan, skal få venda tilbake til heimlandet sitt. Men me ynskjer ein viss kontroll, for trass i alt er 25 prosent av innbyggjarane i Bhutan innvandrarar frå nabolanda, hevdar utanriksministeren.

- Kva bidrag kan Bhutan gi til Noreg?

- Me kan tilby vennskap og godvilje for å skapa eit godt og menneskeleg samfunn, medan Noreg kan bidra til å hjelpa andre land med å få innført eit liknande velferdssystem. Eit slikt initiativ vil Bhutans styresmakter støtta. Bhutan og Noreg må samarbeida for å få skapa meir lykke i samfunnet, meiner Thinley, som er ein ivrig turgåar.

- Diverre har eg ikkje fått tid til å dyrka den hobbyen under mitt korte opphald i Noreg denne gongen.

Fakta om Bhutan:

-kongedøme styrt av kong Jigme Siguye Wangchuck som både er statssjef og regjeringssjef
-750 000 innbyggjarar
- hovudstad Thimphu (25 000 innbyggjarar)
- tre etniske grupper: ngagalong i vest, sharchhops i aust og lhotshampas (nepalbhutanesarar) i sør
- India finansierer 40 prosent av den bhutanske regjeringa sine utgifter.
- religion: buddhisme og hinduisme

Emneord: Bhutan Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2001 10:08 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere