Protesterer mot innkjøpsstopp ved UB

Både fagreferentane ved Universitetsbiblioteket i Oslo og professor Jan Terje Faarlund ber no Kollegiet og den administrative leiinga ved UiO om å gripa inn mot avgjerda om å innføra innkjøpsstopp av bøker ved biblioteket. "Utan eit godt og oppdatert bibliotek med eit rikhaldig tidsskriftsabonnement er det rett og slett ikkje mogleg å driva forskning," skriv Faarlund i eit lesarbrev i Uniforum.

Fagreferent Bredo Berntsen protesterer på vegner av alle fagreferentane mot innkjøpsstoppen av bøker og tidsskrifter ved Universitetsbiblioteket.
Foto: Martin Toft

"Me håpar at Kollegiet vil gripa fatt i situasjonen og ta kontakt med Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet for å få gjort noko med den vanskelege situasjonen ved Bibliotek for humaniora og samfunnsvitskap (HUMSAM)", skriv fagreferent i statsvitskap, Bredo Berntsen på vegner av dei andre fagreferentane ved biblioteket i Georg Sverdrups hus på Blindern.

Dei viser til at avgjerda om innkjøpsstopp fører til ein uvanleg og svært lei situasjon som i første rekkje råkar faglege miljø ved HF-fakultetet, SV-fakultetet, UV-fakultetet og Det teologiske fakultetet.

Svekking av kunnskapsbasen

Fagreferentane stiller seg også spørjande til korleis styresmaktene kan planleggja for større effektivisering og større valfridom for studentane når det viktigaste serviceorganet deira blir lamma. "Først bygges landets største og mest moderne bibliotek til 500 millioner kroner i tilknytning til Georg Sverdrups hus, og så stoppes mulighetene til bokinnkjø," skriv fagreferentane i eit ope brev til Kollegiet.

Det blir understreka at HUMSAM er landets største fagbibliotek med rundt to millionar bøke, og har eit utlån av samlingane som utgjer 75 prosent av det samla utlånet frå Universitetsbiblioteket i Oslo. Dei fryktar at biblioteket som ein potensiell kunnskapsbase blir kraftig svekka, om ikkje samlingane heile tida blir fornya fagleg med den nyaste litteraturen, dei meste relevante tidsskrifta og referansemidla, både i papir og elektronisk form.

Planane om å redusera staben til 80 stillingar i staden for det opprinnelege behovet på 100 stillingar, vil skapa store vanskar, meiner fagreferentane. Dei fryktar at den faglege kompetansen ikkje blir tatt godt nok vare på, dersom ein slik reduksjon skal skje ved naturleg avgang og ved at dei som går, ikkje blir erstatta. Dermed kan ikkje samlingane brukast fullt ut, og publikum får ikkje den hjelpa dei treng. Dei krev også at HUMSAM får ein større del av fordelingsnøkkelen til Universitetsbiblioteket i Oslo enn det har i dag.

Ikkje mogleg å driva forsking

Også professor Jan Terje Faarlund ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap reagerer sterkt på innkjøpsstoppen ved Universitetsbiblioteket.

"Biblioteket er faktisk noko av det aller viktigaste vi har. Utan eit godt og oppdatert bibliotek med eit rikhaldig tidsskriftabonnement er det rett og slett ikkje mogleg å driva forsking. Det vil seia at kutt i bibliotekbudsjettet er alvorlegare enn kutt i dei aller fleste andre budsjettpostar", skriv han i eit lesarbrev til Uniforum.

Han viser til at det nyleg er laga ein fin asfaltveg over plenen sør for Wergelands hus på Blindern. "Dette er gledeleg for oss som syklar til jobben, men eg skulle gjerne brukt tre sekund ekstra kvar dag på å sykla rundt plenen nokre år til dersom pengane i staden kunne brukast til bøker." I tillegg seier han seg glad for at han og kollegaene hans til ei kvar tid er "oppdaterte med siste versjon - eller er det generasjon det heiter - i datautstyr, men dei av oss som bruker datamaskinen først og fremst som skrivemaskin og postlesar, kan greia oss med nest siste versjon nokre år til dersom vi til gjengjeld kan vera sikre på å finna siste årgang av Language på UB".

Etter Faarlunds meining lyt Kollegiet og den administrative leiinga ha ein strategi for korleis dei vil sørgja for at biblioteket skal halda seg oppdatert. Før dei kastar heile ansvaret for biblioteksituasjonen, og dermed for den interne økonomistyringa ved universitetet på regjeringa og Stortinget, må leiinga ved UiO prioritera før det skjer noko frå den kanten, meiner Faarlund. Han trur det bør vera mogleg å finna dei millionane som UB treng til innkjøp og abonnement på eit totalbudsjett på 2,3 milliardar kroner.

"Dersom ikkje denne leiinga forstår at Biblioteket er viktigare enn plenen, ja da er det visst ikkje berre politikarane som har noko å læra om grunnforsking og humanistisk forsking", skriv Faarlund.

Institutta har skulda

Også bibliotekdirektør Jan-Erik Røed er fortvila over det reduserte tilbodet av bøker og tidsskrifter ved Universitetsbiblioteket. Han gir institutta og ikkje Kollegiet skulda for det dårlege bokbudsjettet.

- Tala viser nemleg at medan Kollegiet har auka løyvingane til innkjøp av bøker og tidsskrifter ved UB med 2,5 millionar kroner, har overføringane frå institutta til UB gått ned med 3 millionar kroner frå 1995 til 2000. Men institutta har likevel eit like stort bokbudsjett som før, dei brukar det berre ikkje til dei felles bibliotektenestene. Og det er akkurat i tronge økonomiske tider når fellesressursane er viktigare enn nokonsinne, at dei skjer ned på pengetilskottet til fellesskapet, seier Røed.

Statistikken fortel at medan UB brukte 35 millionar kroner på innkjøp av bøker og tidsskrifter i 1995, var denne summen gått ned til 34,5 millionar kroner i 2000. Medan det blei kjøpt inn 65 200 nye bind i 1995, blei det kjøpt inn 51 100 i 2000, det var altså ein nedgang i innkjøpa på 22,8 prosent. Når det gjeld tidsskriftabonnement, blei dei reduserte frå 18 300 i 1995 til 14 300 i 2000, også ein nedgang på rundt 22 prosent.

Pengeflytting

- Dette er tal som eg har lagt fram for universitets-leiinga, og som er årsaka til at me ikkje kan tilby forskarane sentrale referanseverk innan studium som realfag og medisin. Ein del pengar har me tatt inn ved å flytta pengar frå løn til bokkjøp, men det finst grenser for kor langt me kan gå den vegen utan at det går utover servicen. Me måtte hatt 10 millionar kroner ekstra på bokbudjettet for 2000 for å ha kunna gjort like mange innkjøp av bøker og tidsskrifter som i 1995. I staden har budsjettet berre auka med 1 million kroner. Det er dei nakne fakta bak den dramatiske avgjerda vår om å innføra innkjøpsstopp av bøker, understrekar Røed.

Emneord: Georg Sverdrups hus Av Martin Toft
Publisert 18. mai 2001 10:43 - Sist endra 10. des. 2008 15:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere