MED får førstepris for utdanningskvalitet

Det medisinske fakultetet ved UiO fekk 10. mai utdelt utdanningskvalitetsprisen på 600 000 kroner frå statsråd Trond Giske. Fakultetet får prisen for prosjektet Oslo96 som er nemninga på arbeidet med utviklinga av ny studieplan for grunnutdanninga i medisin. - Både leiinga, tilsette og studentane ved fakultetet er svært glade for at me har fått denne prisen, seier studiedekan Borghild Roald til Uniforum.

Fakultetsdirektør Bjørn Hol, student Berit Rimstad og studiedekan Borghild Roald tar imot utdanningskvalitetsprisen frå statsråd Trond Giske. (Foto: Tore Oksholen, Universitetsavisa)

Det medisinske fakultetet har gjennomført ein total gjennomgang og reform av eit seksårig studium. Resultatet av dette er ein ny studieplan. Dessutan er problembasert læring innført som gjennomgåande studieform, lærar og studentrollene er definerte på nytt og studentane kjem både tidleg i kontakt med pasientane og dei blir trekte med i forskingsprosjekt saman med lærarane.

Nye krav til legerolla

I ei pressemelding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet står det at målet med omlegginga var å skapa et medisinstudium som kombinerer nye krav til legerolla med behovet for ei grunnutdanning som førebur studentane til livslang læring og som baserer seg på ny innsikt i korleis studentar lærer. Måten fakultetet har jobba fram det nye studiet på, er imponerande, skriv prisjuryen. Førebuingane til omlegginga - frå vedtaket i fakultetsrådet til oppstart med nytt opplegg - tok tre år. Innhaldet i studiet blei endevendt, "alle steinar blei snudde" og undervisnings- og studieformene gjennomgått.

Studieplanen er eit resultat av eit løft der så godt som alle lærarar ved fakultetet har deltatt, saman med tallrike studentar, administrativt tilsette og gode hjelparar, blant anna frå Fagområdet for universitetspedagogikk ved Universitetet i Oslo, står det i grunngjevinga for avgjerda om å gi prisen til Det medisinske fakultetet.

Godt arbeid

Utdanningskvalitetsprisen blei delt ut for første gong i 2001. Prisen skal stimulera institusjonar innnfor høgare utdanning til å arbeida systematisk med å videreutvikla kvaliteten på utdanningane sine og motivera fagmiljøa ved universitet og høgskular til å bli meir opptekne av arbeid med utdannings- og studiekvalitet.

- Det blir gjort mykje godt arbeid ved utdanningsinstitusjonane våre, seier statsråd Trond Giske i ei pressemelding frå KUF. - Målet må vera at me kan gi alle studentar ein skikkeleg kvalitet på utdanninga.
Statsråden delte også ut ein delt andrepris til Høgskulen i Oslo og til Universitetet i Tromsø, som får 200 000 kroner kvar.

Innan søknadsfristen var det komne inn 31 framlegg frå 19 institusjonar. Framlegga har vore vurderte av ein prisjury oppnemnt av Noregesnettrådet, på vegner av KUF. Juryen har vore leia av førsteamanuensis Kari Hag, som til dagleg arbeider ved NTNU. Dei andre medlemane er førsteamanuensis Anton Havnes, Høgskulen i Oslo, førsteamanuensis Anne Marie Støkken, Høgskulen i Agder, og student Audun Fledsberg, Studentenes landsforbund.

Emneord: Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2001 13:40 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere