Latinamerikanske studentar organiserer seg

Latinamerikanske studentar har danna Latinamerikansk foreining ved Universitetet i Oslo. På spansk har foreininga fått namnet Asociación Latinoamericana (ALA).

- Me vil organisera alle dei latinamerikanske studentane ved UiO, lovar Willy Trampe, Enrique Pavez og Alfredo Biamon i Latinamerikansk foreining (ALA).
Foto: Ståle Skogstad

- Organisasjonen er også open for studentar frå andre land som er interesserte i Latin-Amerika. Men tilsette ved UiO kan også vera medlemar, seier nestleiar Enrique Pavez, leiar Alfredo Biamon, og styremedlem Willy Trampe.

- Målet vårt er mellom anna å gjera forskingsarbeid og hovudoppgåver som har med Latin-Amerika kjende blant andre. Difor skal me skipa til ein debatt om Latin-Amerika der studentar og forskarar som har skrive om eit tema frå Latin-Amerika får høve til å presentera arbeidet sitt, fortel dei. Innleiarane vil koma både frå Universitetet i Oslo, Københavns universitet og Universitetet i Bergen.

- Seinare planlegg med å laga eit kort resymé av kvart innlegg på spansk, norsk og engelsk og bruka dei i ei eiga årbok som me skal gi ut etter seminaret. I tillegg satsar me på å få til samarbeid med studentar og forskarar frå universitet i Sverige, seier dei. Kulturstyret til Studentparlamentet har nyleg gitt foreininga økonomisk støtte.

- Denne støtta er me svært glade for, ikkje minst fordi at den vil gjera det mogleg å gi ut tidsskriftet vårt "La Ventana" (Vindauget) fire gonger i året. Alle som har tid og lyst, kan senda inn artiklar til dette tidsskriftet, seier dei. Dei kan kontaktast på e-postadresse: laventana01@hotmail.com.

Emneord: Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 20. mai 2001 13:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere