Kollegiet utsette handsaminga av Omstillingsavtalen

Handsaminga av Omstillingsavtalen i Kollegiet 8. mai blei utsett fordi universitetsdirektøren ikkje kunne vera til stades. Fagforeiningane ved UiO slår ring om avtalen.

Fagforeiningane ved UiO protesterer kraftig mot framlegget frå universitetsdirektør Tor Saglie om å seia opp Omstillingsavtalen frå 1996. Kollegiet skulle ha handsama denne saka 8. mai , men saka blei utsett fordi universitetsdirektøren ikkje kunne vera til stades. Fagforeiningane ber Kollegiet om å halda fast på prinsippet om at ingen skal seiast opp som fylgje av omstilling. Universitetsdirektør Tor Saglie avviser at det er på tale med oppseiingar ved UiO. Kollegiet skal handsama framtida til Omstillingsavtalen tysdag 19. juni.

Emneord: Arbeidsforhold
Publisert 9. mai 2001 11:11 - Sist endra 10. des. 2008 15:21
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere