EUs landbruks- og fiskerikommissær lovar ny fiskeripolitikk

- Det går ikkje lenger an å halda fram med å auka talet på fiskefarty samtidig som fiskeressursane minkar. Difor vil EU reformera den felles fiskeripolitikken slik at den blir meir berekraftig. Det lova EUs landbruks- og fiskerikommisær Franz Fischler, då han heldt Schuman-foredraget 2001 i Georg Sverdrups hus onsdag 9. mai

EUs landbruks- og fiskerikommisær Franz Fischler i samtale med rektor Kaare R. Norum medan landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen fylgjer spent med.
Foto: Martin Toft

Martin Toft

Han viste til at både EU og Noreg har dei same måla i fiskeripolitikken. Som døme trekte han fram samarbeidet om torsken.

- Noreg og EU held saman på å jobba på ein langtidsplan for å byggja opp igjen torskebestanden i Nordsjøen. På austkysten av Canada har torsken forsvunne på grunn av overfiske. Me må ikkje gjera den same feilen og difor må me syta for at det blir eit berekraftig torskefiske i Nordsjøen for å unngå at heile torskebestanden forsvinn, sa Fischler. Han varsla også at det fremste målet for EUs landbrukspolitikk i framtida skal vera å produsera trygg mat.

- Difor må me syta for at kraftfôret ikkje inneheld stoff som kan føra til at det blir utvikla sjukdomar som kugalskap (BSE), lova han. Fischler la til at EU og Noreg hadde felles interesse i å føra ein landbrukspolitikk der det også blei tatt omsyn til at bøndene er med og formar kulturlandskapet og vernar miljøet.

- Det er grunnen til at den offentlege sektor må inn for å garantere at bøndene får den lønna dei har krav på for dei tenestene dei yter oss alle. Noreg og EU er villige til å endra landbruksstøtta frå produksjonssubsidiar til støtte til landbruket sine andre viktige oppgåver, understreka Fischler, før han til slutt ynskte Noreg som EU-medlem, så snart dei norske veljarane bestemmer seg for det.

EUs landbruks- og fiskerikommisær, austerrikaren Franz Fischler, blei ynskt velkommen til Universitetet i Oslo av rektor Kaare R. Norum medan den norske landbruksministeren, Bjarne Håkon Hanssen heldt ei kort innleiing før Fischler slapp til med sitt Schuman-foredrag.

Det er Det juridiske fakultet ved UiO og Europakommisjonens delegasjon som årleg inviterer til Schuman-foredraget. Europadagen den 9. mai blir markert til minne om den franske utanriksministeren Robert Schuman (1886-1963). I mai 1950 kom Schuman med erklæringa om Kol- og stålunionen. Dette blir rekna som starten på det moderne EU-samarbeidet.

Emneord: EU Av Martin Toft
Publisert 9. mai 2001 19:07 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere