Eivind Osnes er rektorkandidat

Professor i fysikk, Eivind Osnes, stiller som rektorkandidat med styrar ved Filosofisk institutt, førsteamanuensis Camilla Serck-Hanssen som prorektorkandidat. - Om me blir valde, ynskjer me å etablera eit støtteapparat for rektoratet med tre viserektorar for forsking, internasjonalisering og studiar, seier Osnes og Serck-Hanssen.

Fysikkprofessor og kollegiemedlem Eivind Osnes seier ja til å stilla som rektorkandidat.
Foto: Ståle Skogstad

Eivind Osnes var også rektorkandidat i 1998, då han kom på andreplass etter vinnaren Kaare R. Norum. Den gongen stilte han først opp utan prorektorkandidat, medan han denne gongen er den første rektorkandidaten som kan presentera ein eigen prorektorkandidat.

- Korleis fann eigentleg du og Camilla Serck-Hanssen kvarandre som høvesvis rektor- og prorektorkandidat?

- Det var kollegaene våre ved fleire sentrale miljø ved UiO som ynskte at me skulle stilla opp. Sjølv om me kjem frå MN-fakultet og HF-fakultetet føler me at me representerer heile universitetet, seier Osnes.

- Eg er opptatt av å kjempa for grunnplanet på same måte som Osnes, og er frustrert over at me på grunn av ressursmangel ikkje får gjort det me bør gjera. Dei siste kutta har gjort at opp mot 100 prosent av alle utgiftene våre går til fastløn. Me som er leiarar på grunnplanet, har blitt for fokuserte på å få budsjettet til å hengja i hop i høve til andre viktige oppgåver. Difor vil me ha større armslag og større "gjennomsiktighet" i dei grepa som blir tatt ovanifrå, meiner Serck-Hanssen.

Kandidaten til grasrota

- Eivind Osnes, i 1998 var eit at dine viktigaste argument for at folk skulle stemma på deg at du ikkje var kollegiemedlem. Kvifor skal folk stemma på deg no når du no er kollegiemedlem?

- Sjølv om eg sit i Kollegiet, ser eg framleis på meg sjølv som kandidaten til grasrota ved universitetet fordi eg står for det same no som då. På kollegiemøtene har eg difor heile tida talt grunnplanet si sak. Men i alle fall så står eg for hovudinnhaldet i Langtidsplanen til UiO som er satsinga på kvalitet, presiserer Osnes, som gjerne vil understreka at hans kandidatur ikkje er eit kandidatur mot rektor Kaare R. Norum.

- Når eg har sagt ja til å stilla opp som rektorkandidat, er det fordi eg er glad i universitetet og vil noko med det. Det går heile tida føre seg ein kamp om sjela til universitetet der alle vil noko forskjellig. Det er likevel berre UiO som kan forandra UiO. Det kan ikkje delegerast til ei statleg forvalting. Viss det skal satsast på nyskaping, må det satsast på den nyfikendrivne og forskarinitierte grunnforskinga. Dersom UiO ikkje tar vare på denne forskinga, vil me gjera ein dårleg jobb overfor samfunnet og ikkje gjera nytte for oss overfor samfunnet. Å halda fast på satsinga på grunnforskinga har ingenting å gjera med å halda fram med "business as usual", seier Osnes, som heller ikkje ynskjer innført stykkprisfinansiering av forskinga.

- Eg vil at opptrappinga av løyvinga til forskinga skal skje gjennom større basisløyvingar til universiteta. Det er godt rom for det, om me skal opp på gjennomsnitteleg OECD-nivå. I dag er hovudproblemet ressursmangelen på grunnplanet. Mangelen på pengar og eit regelstyrt byråkrati gjer at både forskarane og lærekreftene blir underutnytta. Dei får ikkje tid og ressursar nok til å gjera det dei eigentleg skal - nemleg forska og undervisa. Det fører til frustrasjon i grunnmiljøa. Difor vil eg også at Kollegiet må senda folk ut i grunnmiljøa for å finna ut kva konsekvensar kollegievedtak får for dei som arbeider der, foreslår Osnes.

Satsinga på utvalde forskingsområde er han ikkje ueinig i.
- Men meininga var at det var friske pengar som skulle brukast til dette. Røynslene viser derimot at denne satsinga lett kan gå utover forskinga på grunnmiljøa, åtvarar han.

Osnes vil dessutan understreka rolla til studentane på universitetet.
- Å våga å vera universitet tyder også å satsa på studentane. Den opprinnelege ideen med universitetet er jo at det skal vera eit fellesskap mellom lærarar og studentar. Difor må det vera ein gjensidig vekselverknad der me både utfordrar og stimulerer kvarandre. Eg ser nemleg stadig døme på korleis studentane veks med utfordringane.

Styrking av styrarrolla

Prorektorkandidat Camilla Serck-Hanssen synest det er viktig å styrkja rolla til instituttstyrarane ved UiO.

- Ja, eg vil gjerne ha relevant opplæring for alle dei som tar på seg eit slikt verv, men eg trur det er like viktig å styrkja denne rolla ved å gi dei høgare løn og forskingshjelp slik at ikkje heile forskarkarrieren deira fell i grus. Dei bør kanskje også sitja lenger enn i tre år slik som i dag. Det er lettare å ta vare på legitimiteten om dei held fram med å bli valde i staden for å bli tilsette på åremål, understrekar Serck-Hanssen.

Rektorkandidat Eivind Osnes vil til slutt understreka samspelet mellom studentane og forskarane.
- Det er me som skal inspirera studentane til å bli gode forskarar både ved å gi dei gode studievilkår, men også ved å stilla krav. Ein observasjon eg har gjort er at ingen forskingssenter fungerer godt utan studentar, seier Osnes.

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 10. mai 2001 09:05 - Sist endra 10. des. 2008 14:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere