Vil kasta lys over sædcelleproduksjonen

Kvifor produserer menn 20-30 prosent fleire sædceller om vinteren enn om sommaren? Dei 100 mennene i Oslo og dei 100 mennene i Tromsø som vil hjelpa forskarane med å finna ut dette skal få 1000 kroner kvar. Det lovar prosjektleiar Trine B. Haugen ved Andrologisk laboratorium på Rikshospitalet som håpar at studentar og tilsette ved UiO melder seg.

Prosjektleiar Trine B. Haugen håpar studentar og tilsette ved UiO melder seg som frivillige for å hjelpa forskarane med å finna ut kvifor spermieproduksjonen er større om vinteren enn om sommaren.
Foto: Martin Toft

Det er Rikshospitalet og universitetssjukehuset i Malmø som står bak dette forskingsprosjektet som har som mål å kunna hjelpa barnlause par betre enn i dag. Undersøkinga tar til i sommar og skal halda på fram til neste vår.
Tidlegare har forskarane påvist at sædcelleproduksjonen hos menn er 20 til 30 prosent høgare om vinteren enn om sommaren. Tidlegare er dette kun undersøkt sør for polarsirkelen.

- Ingen har til no klart å finna ut kvifor det er slik. Det skal me prøva å finna ut med dette prosjektet, som blir det alle første i verda som brukar menn nord for polarsirkelen i ei slik undersøking. Me trur produksjonen av sædceller har noko med lysforholda å gjera. Difor er det viktig å ha med Tromsø der det er så stor skilnad mellom vinter og sommar på grunn av den ekstreme lysforskjellen, fortel prosjektleiar Trine B. Haugen ved Andrologisk laboratorium på Rikshospitalet.

For å finna ut dette treng dei altså 100 menn frå Oslo og 100 menn frå Tromsø. Oppgåva deira blir å levera ein sædprøve to gonger, ein om sommaren og ein om vinteren. Dei skal også levera ein blodprøve fire gonger, to om vinteren og to om sommaren. Dei må dessutan fylla ut eit spørjeskjema og gjennomgå ei enkel legeundersøking. Men dei som trur at det berre er nok å gi ein sædprøve for å innkassera dei 1000 kronene, må nok tru om igjen.

Informasjonsmøte

- Nei, me betalar mennene 300 kroner etter første sædprøve, og så får dei 700 kroner etter den siste sædprøven. Mennene må også ha budd i området i minimum eitt år før undersøkinga tar til, og må lova å ikkje dra langt frå bustaden i meir enn fem veker så lenge undersøkinga er i gang, understrekar Haugen.

Prosjektet tar til med blodprøvar i byrjinga av juni for dei som bur i Tromsø og i byrjinga av juli for mennene som bur i Oslo. Sædprøvene skal takast om lag to månader etter starten på polarnatta og på årets lengste og kortaste dag.

- Til no har rundt 25 personar sendt meg melding via e-post om at dei kan stilla opp i undersøkinga, seier Haugen.

Behandling av dårleg sædkvalitet

Resultatet av prosjektet kan gjera det lettare å finna ut korleis dårleg sædkvalitet kan behandlast.
- Kanskje kan me kontrollera dette ved å la dei aktuelle mennene bli utsett for mindre lys fordi undersøkingar hos aper har vist at både testosteronproduksjonen og testikkelvolumet aukar i mørket. Men det vil nok vera litt for upraktisk, så difor vil me prøva å finna ut kva hormon som blir påvirka av lyset og finna fram til ein behandlingsmetode som kan hindra at sædproduksjonen blir redusert, fortel Haugen.

I enkelte land har den auka sædproduksjonen i vinterhalvåret ført til at det alltid blir fødd fleire barn om hausten enn om våren. Andre land har ikkje hatt nokon slik effekt., men det kan skuldast sosiale faktorar som er vanskelege å kontrollera.

- Menn som synest det er litt tabubelagt å melda seg frivillig til ei slik undersøking, bør hugsa på at på Andrologisk laboratorium får me sædprøvar frå 2000 menn årleg. Om det dukkar opp nokre ekstra sædprøvar der, så er det ingen som vil leggja merke til det. Og sjølvsagt vil alle prøvane bli anonymiserte, understrekar Haugen. Dei som vil delta i denne undersøkinga kan ta kontakt med henne på fylgjande e-postadresse: lysprosjekt@hotmail.com

Av Martin Toft
Publisert 23. apr. 2001 09:56 - Sist endra 10. des. 2008 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere