Utanlandsstudentane lanserer nytt tidsskrift

Dei internasjonalt kjente intellektuelle Noam Chomsky, Edward Said og Johan Galtung har i alle fall ein ting til felles. Alle skriv for det nye engelskspråklege tidsskriftet Inter-Change, som blir gitt ut av International Students`Union ved Universitetet i Oslo.

Carlos Cruz er redaktør og Fernando Alcalá er med i redaksjonen for tidsskriftet Inter-Change.
Foto: Martin Toft

Tidsskriftet som har eit opplag på 1000 eksemplar, er gitt ut med økonomisk støtte både frå Studentsamskipnaden i Oslo og frå UiO. Historiestudenten Carlos Cruz frå Mexico er redaktør for tidsskriftet.

- Me håpar tidsskriftet kan vera med på å få fleire utanlandske studentar til å bli interesserte i å studera ved UiO. Som regel vil dei fleste utanlandsstudentar til eit universitet i ein av dei store byane i Europa, og det er ofte litt tilfeldig at dei hamnar ved UiO. Meininga er at dei tilsette ved Seksjon for internasjonale program kan dela ut nokre eksemplar av Inter-Change når dei besøker utanlandske universitet, seier Cruz.

Israel og palestinarane

Hovudtemaet i det første nummeret av tidsskriftet er forholdet mellom Israel og det palestinske folket. Både Noam Chomsky og Edward Said skriv om dette. I tillegg skriv den palestinske studenten Claire Jilleh korleis det er å vera student ved UiO, og samtidig oppleva dilemmaet om ho skal halda fram med studia sine eller dra tilbake til heimlandet for å vera saman med familien i ei uroleg tid. Fredsforskaren Johan Galtung skriv om vinnaren av Nobels fredspris for 2000, den sørkoreanske presidenten Kim Dae Jung.

I redaksjonen for Inter-Change sit i tillegg til Carlos Cruz, også Fernando Alcalá og Aitor Luna frå Spania og Jonathan Scudder frå Storbritannia.

Emneord: Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 19. apr. 2001 11:41 - Sist endra 10. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere