Opprettar engelskspråkleg grunnfag i runologi

Det blir oppretta eit engelskspråkleg grunnfag i runologi ved Det historisk-filosofiske fakultetet frå hausten 2001. Det vedtok Kollegiet i førre veke.

Senter for studiar i vikingtid og nordisk mellomalder får det faglege og administrative ansvaret for studiet. Formålet med å oppretta eit engelskspråkleg grunnfag i runologi er å gi eit tilbod til alle dei utanlandske studentane i fag som nordistikk og germanistikk, men også for å gi eit engelskspråkleg støttefag for eit kvart studium av skandinavisk forhistorie, vikingtid og mellomalder. Den administrative leiinga ved HF-fakultetet trur at eit engelskspråkleg grunnfag tilknytt Mellomaldersenteret ved UiO, vil vera med på gjera fakultetet og dermed UiO synleg i internasjonal samanheng.

Emneord: Studentforhold
Publisert 2. apr. 2001 14:25 - Sist endra 10. des. 2008 15:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere