Legg ned finsk-ugrisk språkvitskap

Magistergraden i finsk-ugrisk språkvitskap ved HF-fakultetet blir nedlagt. Det har Kollegiet vedtatt.

Hovudgrunnen for å leggja ned magistergraden i finsk-ugrisk språkvitskap er den økonomiske situasjonen ved fakultetet. Samtidig er alle insitutt ved fakultetet bedne om å koma med framlegg til 10 prosent neddimensjonering i stillingsramma. Difor vedtok Institutt for austeuropeiske og orientalske studiar at stillinga i finsk-ugrisk språkvitskap skulle nedleggjast når den blei ledig.

Personen som hadde denne stillinga sa opp stillinga si 30. juni 2000, og difor blei det også vedtatt å leggja ned studietilbodet. I tråd med Noregsnetttanken vil samisk, som blei nedlagt ved UiO hausten 1999, og resten av fagfeltet bli ivareteke ved Universitetet i Tromsø. Finsk vil likevel bli oppretthalde som fag ved Universitetet i Oslo, sjølv om det på grunn av pengemangel vil vera problem med å oppretthalda undervisninga.

Emneord: Studentforhold
Publisert 2. apr. 2001 14:34 - Sist endra 10. des. 2008 15:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere