Enklare å laga nettaviser på UiO

Det skal bli enklare å publisera nettaviser på UiO. USIT tilbyd no alle interesserte ei publiseringsløysing som fylgjer klipp-og-lim-prinsippet.

Webutviklar Endre Meckelborg Rognerud ved USIT er sikker på at alle vil kunne leggja sider "leikande lett" ut på nettet når dei no får tilbod om det nye publiseringsverktyet.
Foto: Martin Toft

- Tanken bak dette er at folk skal kunna publisera på nett utan å vita kva kunnskap som ligg bak dette. Med eit slags klipp-og-lim-prinsipp, reknar me med at enda fleire vil ta i bruk nettet for å formidla informasjon om studiar og aktivitetar ved UiO, seier webutviklar Endre Meckelborg Rognerud, som saman med andre på USIT har vore med og utvikla publiseringsverktyet som vil forenkla bruken av nettet ved UiO.

Meir aktuelle

- Både Uniforum nett no, info@usit.no og Bjørnetjenesten til Realistforeningen har alt tatt i bruk dette verktyet, og brukarane har vore svært nøgde med denne publiseringsmåten. Folk som aldri har utforma ei webside, vil klara å leggja ut stoff på nettet etter at dei har fått ei kort opplæring i dette systemet, understrekar Rognerud. Han viser til korleis denne måten å publisera på kan gjera nettsidene til tidsskrifter, institutt og senter ved UiO meir oppdaterte og meir aktuelle enn dei er i dag.

- Publiseringsløysinga tar utgangspunkt i standard avisoppsett, men kvar avis vil ha høve til å utforma sin eigen utsjånad. Likevel vil sjølvsagt dei generelle avgrensingane ved UiOs webprofil gjelda. Studentforeiningar vil stå friare når det gjeld bruken av denne profilen, forklarar han.

USIT gir fødselshjelp

- USIT vil hjelpa alle dei som er interesserte i dette med å koma i gang, og me kan både driva fødselshjelp og brukarstøtte til medarbeidarane klarer å få den til å sviva og gå med eigen hjelp, seier Rognerud. Det kjem også til å bli oppretta ei eiga e-postliste (avis-drift@usit.uio.no) med høve til å senda førespurnader til USIT om alt som har å gjera med publiseringsløysinga, seier Rognerud, som vil oppmoda alle tidsskrift som blir gitt ut av studentar eller UiO-tilsette til å nytta seg av dette høvet til å få lagt tidsskriftet ut på nett.

- Dette tilbodet viser jo også at USIT prøver å hjelpa UiO-miljøet med vanskane med å publisera på nett for folk som ikkje har orka å setja seg inn i HTML. No vil det bli mogleg for folk utan webkunnskapar å leggja ut saker på Internett. Slik håpar me at bruken av Internett som informasjonskanal kan ta skikkeleg av ved Universitetet i Oslo, seier han. Dei som er interesserte i dette tilbodet, kan ta kontakt med USIT på e-postadresse avis-drift@usit.uio.no. Det nye publiseringsverktyet har vore i drift i rundt ni månader, og dei som ynskjer å sjå korleis nettavisene som brukar dette systemet ser ut, kan gå inn på fylgjande nettadresser:

Emneord: USIT Av Martin Toft
Publisert 30. apr. 2001 14:36 - Sist endra 10. des. 2008 14:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere