Giske opnar for nye universitet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Trond Giske opnar for at enkelte høgskular skal få status som universitet.I stortingsmeldinga, som kjem 9. mars, vil Giske foreslå at vitskaplege høgskular får høve til å kalla seg universitet, og at høgskular med doktorgradsutdanning på minst eitt område kan søkje om universitetsstatus, skriv Stavanger Aftenblad torsdag 1. mars.

Det inneber truleg at Høgskulen i Stavanger og eit eventuelt Landbruksuniversitet sett saman av Noregs landbrukshøgskule og Noregs veterinærhøgskule kan få kalla seg for universitet. Det er meir tvilsamt om Høgskulen i Bodø og Høgskulen i Agder står sterkt nok til at dei kan få status som universitet. Giskes framlegg til prinsippmelding om høgare utdanning blei presentert for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet torsdag ettermiddag. Dersom Stortinget sluttar seg til meldinga, kan Noreg få to nye universitet i allereie til hausten.

Ny gradstruktur

Statsråd Trond Giske har tidlegare fortalt at regjeringa kjem til å gå inn for å innføra ein ny gradstruktur ved dei norske universiteta. Dermed blir det ut med den urnorske cand.mag.-graden og dei minst like norske cand.scient.-, cand.philol.-, cand.polit.-og cand.philos.-gradane, og inn med dei angloamerikanske Bachelor- og Mastergradane. Resultatet blir eit år kortare hovudfag, og eit år kortare veg mot første universitetsgrad. Statsråden har også gjort det klart at regjeringa vil gå i mot framlegget til Mjøsutvalet om ei meir sjølvstendig og A/S-prega høgare utdanning.

Inga fristilling

Tidlegare i år sa Giske til Dagsavisen at regjeringa ville gå i mot ideen om at utdanningsinstitusjonane skal drivast som eigne selskap.

- Universitet og høgskular bør halda fram med å vera ein del av statsforvaltinga, sa Giske. Framlegget om å fristilla universiteta og lata dei bli sjølvstendige kunnskapsbedrifter, organisert som særlovselskap eller forvaltingsorgan med særskilte og utvida fullmakter var eit av dei viktigaste punkta i innstillinga frå Mjøsutvalet, leia av tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, Ole Danbolt Mjøs. Utvalet leverte ei offentleg utgreiing om endringar i høgare utdanning i Noreg 8. mai i fjor.

Inga stykkprisfinansiering

Regjeringa kjem heller ikkje til å gå inn for å innføra stykkprisfinansiering slik fleirtalet av medlemane i Mjøsutvalet gjekk inn for. Giske har avslørt at han heller vil gå inn for ei mellomløysing der universiteta får ein viss pengesum for kor mange studentar dei tar unna, men samtidig mottar ei grunnfinansiering utanom dette. Difor har Giske gjort det klart at regjeringa ikkje ynskjer at økonomien til universiteta berre skal bestemmast av studenttala fordi denne gjennomstrøyminga ofte kan vera tilfeldig.

Framleis rektorval

Det er også klart at regjeringa kjem til å gå inn for at rektorane ved universiteta framleis skal veljast gjennom demokratiske rektorval og den ynskjer heller ikkje eit eksternt fleirtal i styret for universiteta. Fleirtalet i Mjøsutvalet, med utvalsleiar Ole Danbolt Mjøs i brodden, gjekk inn for å lata eit styre med fleirtal av eksterne medlemar foreslå kandidat til rektorstillinga til godkjenning overfor eit såkalla fagleg kollegium.

Statsråd Trond Giske gjekk allereie på Forskarforbundets forskingspolitiske konferanse i haust, imot framlegget frå Mjøsutvalet om å etablera eit nytt og frittståande Senter for evaluering og akkreditering. Dei oppgåvene som dette senteret skulle utføra, kunne like godt overlatast til Noregsnettrådet, meinte Giske.

Mjøsutvalet opna også for at enkelte høgskular som har fått rett til å dela ut doktorgradar i minst fem fagområde, kunne få søkja om å bli vitskapleg høgskule eller mini-universitet. No ser det altså ut som om statsråd Giske og regjeringa vil gå inn for at det blir etablert nye universitet i Noreg i tillegg til dei fire universiteta som eksisterer i dag. Dermed blir spørsmålet om regjeringa får fleirtal for dette framlegget i Stortinget. Dei fire eksisterande univerisiteta har i alle fall gjort det klart at dei vil kjempa med nebb og klør for å hindra at høgskular får kalla seg for universitet. Debatten om dette og andre framlegg til endringar i høgare utdanning i Noreg vil truleg ta skikkeleg av når Stortingsmeldinga om høgare utdanning for første gong blir presentert på ein pressekonferanse fredag 9. mars.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2001 17:51 - Sist endra 10. des. 2008 15:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere