Forskingsresultata skal kommersialiserast

Forskaren bør framleis ha rett til å utnytta forskingsresultata kommersielt. Det meiner fleirtalet i Bernt-utvalet som har vurdert spørsmålet om utnytting av forskingsresultat frå universitet og høgskular. Mindretalet meiner at institusjonen kan krevja å få overført den retten til seg.

- Institusjonen som kostar lønna, utstyret og drifta av forskaren kjem dårleg ut i konklusjonane frå Bernt-utvalet, meiner prorektor Rolv Mikkel Blakar ved UiO.
Foto: Martin Toft

Statsråd Trond Giske mottok innstillinga "Fra innsikt til industri" frå utvalsleiar, jusprofessor Jan Fridtjof Bernt ved Universitetet i Bergen tidlegare denne veka. Eit samla utval meiner at kommersialisering bør sjåast på som en del av formidlingsplikta til institusjonane og dermed som ein del av samfunnsansvaret deira.

Eit fleirtal på tre i utvalet ynskjer altså at forskaren framleis skal ha retten til å utnytta forskingsresultata kommersielt. Grunngjevinga er at dei meiner at fridomen til forskaren på dette området vil fremja auka kommersialisering betre enn om ein skulle innskrenka denne fridomen. Mindretalet viser særleg til at for at institusjonane skal oppfylla forpliktingane sine til å leggja til rette for kommersialisering, må institusjonane ha større grad av rådvelde over forskingsresultata enn dei har i dag. Eit samla utval er einig om at eventuelle inntekter av utnyttinga bør fordelast mellom forskar, institusjon og fagmiljøa.

Hårfin balansegang

Prorektor Rolv Mikkel Blakar ved Universitetet i Oslo ser på vurderinga av kven som skal ha rett til å utnytta forskingsresultata kommersielt som eit svært delikat spørsmål.

- Det blir ein hårfin balansegang å finna ut i kor stor utstrekning det er forskaren eller insitusjonen som skal ha inntektene av moglege oppfinningar. Personleg meiner eg imidlertid at institusjonen som både kostar lønna til forskarane, drift og det vitskaplege utstyret kjem dårleg ut i konklusjonen til Bernt-utvalet, slår Blakar fast.
- Eg er sjølvsagt einig i at forskinga skal vera fri, men når det gjeld å utnytta resultatet av forskinga, så synest eg fleirtalet i komiteen har sett bort frå at det er institusjonen som har tatt ansvaret for å investera i forskaren. Difor meiner eg at institusjonen også har rett til sin rimelege del av eventuelle inntekter av forskinga, seier Blakar.

Profesjonelt apparat

Utvalet kjem med framlegg om at kommersialiseringa blir styrkt gjennom oppmuntringar, praktiske tilrettelegging og gjennom haldningsendringar, heiter det i ei pressemelding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Institusjonane blir også også oppmoda til å utvikla ein eigen strategi på området, i tillegg til at dei bør ha eit profesjonelt apparat til disposisjon for kommersialisering. Eit slikt "innovasjonssenter" kan organiserast både innanfor eller utanfor institusjonen.

Innstillinga til komiteen skal no sendast til høyring til institusjonar og organisasjonar.

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 30. mars 2001 09:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere