- Evaluering kan hindra god forsking

- Evaluering av eit fagmiljø kan føra til at forskarane ikkje lenger tar sjansar og heller fylgjer den vegen dei kjenner seg tvungne til å ta på grunn av resultata av evalueringane. Ville forresten Albert Einstein ha tolt ei evaluering i den tidlegaste fasen av forskinga si?

Prorektor Rolv Mikkel Blakar meiner internasjonale evalueringar kan vera nyttige.
Foto: Martin Toft

Denne problemstillinga presenterte spesialrådgjevar i NIFU og redaktør for tidsskriftet "Forskingspolitikk"Hans Skoie på eit ope møte om fylgjene av evalueringa av norske fagmiljø og forskingsinstitusjonar denne veka. Møtet blei skipa til av Norsk Tenestmannslag ved UiO, og samla om lag 100 tilhøyrarar. Skoie heldt fram med å spørja om ikkje evaluering av fagmiljø heller førte til at forskarane stakk alle piggane ut enn å auka kvaliteten på forskinga.

- Det er nok mogleg å finna dei middelmåtige forskarane gjennom ei evaluering, men vil det vera mogleg å finna stjernene? Risikoen er stor for at dei som evaluerer ikkje klarer å plukka opp den store fisken, sa Skoie.

Han viste også til det faktum at det blir produsert langt fleire vitskaplege artiklar i dag enn tidlegare, men kvaliteten treng ikkje vera betre for det. Han hadde merka seg at altfor ofte endar resultata av ei evaluering i ei skuff utan at dei tilrådde tiltaka blir sett i verk.

- Difor vil eg be Forskingsrådet om å ta ein evalueringspause for å finna ut kva dei eigentleg vil med desse evalueringane. I dag blir det sett i gang altfor mange evalueringar altfor ofte, og det fører til at forskarane stikk piggane ut. Dermed vekkjer evalueringane motstand framfor medvilje, konkluderte Skoie.

Forsvarar internasjonale evalueringar

Prorektor Rolv Mikkel Blakar ved UiO var glad for at det var sett i gang ein debatt om målet med evalueringane.

- Likevel er jo Det akademiske livet ved universitetet i stor grad sett saman av evalueringar frå grunnfag til professortilsettingar. Me blir evaluerte når me søkjer om forskingspengar eller ei vitskapleg stilling. Difor går det ikkje an å vera dogmatisk for eller imot evaluering, understreka Blakar. Han kom også inn på at under rektorvalkampen i 1998 gjekk både han og rektorkandidat Kaare R. Norum til val på at dei ville ha ein evalueringspause ved universitetet.

- Men me kom fram til at me ville få KUF til å evaluera forskingsutdanninga ved UiO for å finna ut om kvaliteten var like høg som tidlegare. Då KUF varsla at alle universiteta skulle evaluerast, sette me i gang ei sjølvevaluering av UiO for å vera enda betre førebudd på den eksterne evalueringa til Forskingsrådet. Målet er jo å finna dei sterke og svake sidene ved det me driv på med ved UiO, påpeika UiOs prorektor. Han ville også forsvara bruken av internasjonale evalueringar av norsk forsking nettopp fordi Noreg er eit lite land.

- Dermed er faren stor for at me blir kompisar med kvarandre. Difor er det viktig at nokon utanfrå kan vurdera den forskinga me held på med. Det er sjølvsagt også viktig med evalueringar i samband med interne prioriteringar og eventuell samanslåing av fag. Men det er ingen grunn til at ei slik evaluering skal hengja ut einskildforskarar, sa Blakar.

Meiningslaus evaluering

Per Seglen er forskar ved Radiumhospitalet og professor II ved Biologisk institutt, UiO. Han meinte det ikkje var noko meining i å setja i gang evaluering av universiteta.

- Det er ikkje greitt å bruka evaluering som kartlegging noko som universitetsevalueringa legg opp til fordi den ikkje har noko klart formål. Ei slik evaluering kan ikkje finna tiltak som kan gi høgare internasjonal standard ved universiteta. Det einaste som kan gjera det er å gi to milliardar kroner ekstra i pengepotten til universiteta, slo Seglen fast.

- Alle veit kvar skoen trykkjer. Det me treng er meir pengar til forsking, konstaterte han før han demonstrerte kor vanskeleg det var å vurdera god forsking etter kor mykje den einskilde forskar publiserer i internasjonale vitskaplege tidsskrift.

I spørjerunden etter at innleiarane var ferdige, kunne professor Morten Laane ved Biologisk institutt visa til korleis ein av dei stipendiatane han hadde hatt og som ikkje hadde blitt vurdert som god nok av evalueringskomiteen, like etterpå fekk tildelt ein pris for framifrå forsking av USAs dåverande president, Bill Clinton. Han kunne også dokumentera korleis professorane i komiteen ikkje klarte å skilja enkelte fagomgrep frå kvarandre.
- Difor vil eg tilrå at dei alle les gjennom ei grunnbok i biologi før dei gjer meir skade, sa Laane.

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. mars 2001 10:38 - Sist endra 10. des. 2008 14:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere