- Bruk NRK-huset til forskingsformål!

- Politikarane må sørgja for at NRK-området på Marienlyst blir brukt til forskingsformål i staden for å bli seld til privatkapitalisten Kjell Inge Røkke. Det meiner fungerande rektor ved Universitetet i Oslo, Rolv Mikkel Blakar.

- Politikarane må sørgja for at NRK-huset på Marienlyst blir øyremerkt til forskingsformål, meiner UiOs fungerande rektor Rolv Mikkel Blakar.
Foto: Martin Toft

- Det vil vera rein galskap om den rike oljenasjonen Noreg let privatkapitalisten Kjell Inge Røkke overta dei einaste ledige tomteareala i nærleiken av universitetet. Politikarane må difor sørgja for at NRK-lokala blir brukte til forskingsformål slik at dei kan danna ei naturleg forlenging av forskingsaksen frå Rikshospitalet på Gaustad til forskingssentra i Gaustadbekkdalen og universitetsbygningane på Blindern, krev Blakar.

Han har stor forståing for at NRK vil selja desse bygningane for å frigjera kapital og for å kunna flytta inn i nye bygningar med annan teknologi ein annan stad.

- Men staten bør ikkje gi frå seg dette området til Røkke og big business. Røkke ser alltid spennande muligheter, og dersom det i tillegg er mogleg å tena grovt på det, då er Røkke alltid på plass. Staten må ikkje lata denne sjansen til å utvida eit av Europas mest spennande forskingsområde gå frå seg, understrekar UiOs prorektor, før han minner om bakgrunnen for at Gaustadbekkdalen har blitt Noregs fremste forskingsområde.

Framsynte politikarar

- Då Noreg var fattig etter Den andre verdskrigen, tok framsynte politikarar og bandla Gaustadbekkdalen til forskingsformål. Dei såg føre seg at det kunne veksa opp forskingsaktivitetar rundt universitetet. Problemet no er at Gaustadbekkdalen allereie er fyllt opp. Difor er den einaste moglege måten til å utvida dette området på, å lata dagens NRK-bygningar på Marienlyst bli øyremerkte til forskingsformål, slår Blakar fast. Difor ser han mørkt på situasjonen om Kjell Inge Røkke skulle få tilslaget på kjøpet av NRK-bygningane.

Politikarane sitt ansvar

- Ser ein på denne historiske bakgrunnen, ville det vera ein tragedie, dersom dagens politikarar tillet jappekapitalistar av Røkkes type å overta Marienlyst-området, som jo er næraste nabo til Universitetet i Oslo. Det var ein tabbe av Oslo-politikarane å selja inntauingstomta på Ullevål til eit bilfirma i staden for å takka ja til tilbodet frå staten. Universitetet i Oslo har sjølvsagt ikkje høve til å by over Røkke, men det må vera politikarane sitt ansvar å lata desse verdifulle områda i UiOs naboskap bli brukte til samfunnsgagnlege aktivitetar, understrekar Blakar. Han viser også til at det er staten som eig både NRK og Universitetet i Oslo.
- Difor er dette utelukkande ei utfordring for politikarane.

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. mars 2001 10:55 - Sist endra 10. des. 2008 14:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere