Arild Underdal kan bli rektorkandidat

Professor i statsvitskap, Arild Underdal er villig til å stilla som kandidat under rektorvalet ved Universitetet i Oslo 8. oktober.

- Før eg seier endeleg ja, må eg løysa eit viktig spørsmål, men dersom det let seg løysa, er eg innstilt på å svara positivt, om nokon ynskjer å foreslå meg, opplyser Underdal til Uniforum. Underdal var prorektor i tidlegare rektor Lucy Smiths første rektorperiode. Tidlegare har prorektor Rolv Mikkel Blakar lansert seg sjølv som kandidat under rektorvalet 8. oktober. Førebels er det ingen andre som har meldt seg som rektorkandidatar. Siste frist for å koma med framlegg til kandidatar er torsdag 13. september. Ved det førre rektorvalet i 1998 hadde UiO eit sentralt valstyre. Dette er no nedlagt, og Kollegiet må difor oppnemna særskilt valstyre for vala. Valperioden vil gjelda frå 2002 til 2004. Sidan noverande rektor Kaare R. Norum snart går av med pensjon, kan han ikkje ta ein ny periode som rektor.

Emneord: Rektorvalget Av Martin Toft
Publisert 20. mars 2001 11:44 - Sist endra 10. des. 2008 14:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere