UiO fornyar eksklusiv avtale med Berkeley

Universitetet i Oslo har nyleg fornya ein eksklusiv utvekslingsavtale med Berkeley-universitetet i California. Dermed kan åtte hovudfagsstudentar sjå fram til eit semester i solfylte California.

Inngangsporten til Berkeley-universitetet i San Francisco. (Foto: Hélène Ullerø)

Rektor Kaare R. Norum har nyleg skrive under på ein eksklusiv utvekslingsavtale mellom Universitetet i Oslo og Berkeley-universitetet i San Francisco. Avtalen vil gi inntil åtte hovudfagsstudentar ved UiO høve til å ta eit eller to semester av hovudfagsstudiet ved Berkeley.

Dette skal dei betala 800 dollar (rundt 8000 kroner) for i semesteret i skulepengar. Kvart institutt skal koma med framlegg til kven dei ynskjer å senda til Berkeley. Søknadsfristen er 1. februar. Førstekonsulent Guri Vestad i Seksjon for internasjonale program, er godt nøgd med denne avtalen.

Einaste avtale med norsk universitet

- Universitetet i Oslo er det einaste norske universitetet som har ein slik avtale med dette universitetet. Ein av grunnane til det er at me heile tida har fylgd opp tidlegare utvekslingsavtalar og pleidd kontakten med professorar ved Berkeley, og ein av dei har også har ein professor II-stilling ved UiO. Ikkje minst har Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi vore flinke til å senda folk til Berkeley, seier Vestad. Det vil i hovudsak vera studentar som er godt i gang med hovudfagsstudiet eller doktorgradsstudentar, det vil vera aktuelt å senda til Berkeley.

- Dei som er interesserte i eit studieopphald ved Berkeley, må senda ein søknad inkludert ei god prosjektsskildring til instituttet sitt. Eg vil også oppmoda studentar frå andre fakultet enn SV-fakultetet til å prøva å koma med på denne utvekslingsavtalen, seier Vestad, som har svært gode røynsler med Berkeley-universitetet.

- Både dei norske studentane og andre studentar blir tatt godt vare på på Berkeley. I tillegg har universitetet ein triveleg campus med bibliotek og kaféar spreidde rundt omkring. Me håpar difor at så mange som mogleg sender inn søknad om ein av dei åtte plassane til UiO ved Berkeley, seier Vestad.

Emneord: Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 22. jan. 2001 17:47 - Sist endra 10. des. 2008 16:01
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere