Medisinstudentar skal undervisast på engelsk

Medisin innfører engelsk som undervisningsspråk på 9. semester. Tiltaket er sett i verk for å letta studentutvekslinga ved Det medisinske fakultetet.

Australia kallar. Frå venstre Olav Torvund, Per Lysvåg, Borghild Roald og Guri Vestad.
Foto: Martin Toft

- Akkurat som for vanleg studentutveksling vil dette føra til at norske studentar som drar til Australia og australske studentar som kjem til UiO, ikkje vil tapa tid på utanlandsopphaldet. Dei norske studentane vil få finanisert opphaldet ved hjelp av Lånekassen, medan me håpar norske verksemder med økonomiske interesser i Australia kan hjelpa oss med å betala ein del av reiseutgiftene til dei australske studentane som kjem til Oslo, seier studiedekan Borghild Roald ved Det medisinske fakultetet.

Samarbeidet inneber også at lærarar frå medisinstudiet ved UiO skal besøkja desse institusjonane i tillegg til tre andre i to til fire veker i vårsemesteret for å leggja forholda enda betre til rette for studentutveksling.

Medisinsk språkbruk på engelsk

- For å vera best mogleg førebudd på innføringa av engelsk som undervisningsspråk, har me fått Lynell Chvala frå Institutt for britiske og amerikanske studiar til å gi lærarane kurs i medisinsk språkbruk på engelsk, fortel Roald til Uniforum. Slik kan også norske studentar som ikkje reiser på utveksling få høve til å læra engelsk fagterminologi. Om det går som fakultetet håpar, vil det om ikkje altfor lenge ha avtale om utveksling av ti studentar til og frå Australia, ti til og frå Storbritannia og Irland og to til og tre frå USA.

Representantar både for Det medisinske fakultetet, Det juridiske fakultetet og Det historisk-filosofiske fakultetet var saman med ein representant for Seksjon for internasjonale program ved Sentraladministrasjonen på ein rundtur til fleire australske universitet i november i fjor.

Heller studentutveksling enn soloturar

Også Det juridiske fakultetet driv med stor grad av studentutveksling. Sidan fakultetet kan tilby fleire kurs på engelsk, brukar UiO fakultetet til å oppfylla forpliktingane til andre fakultet som ikkje har gode nok tilbod sjølve.
-Dermed får me inn ein del studentar som blir "bytte" mot utreisande studentar frå andre fakultet. Me meiner at andre fakultet sjølv må ta ansvar for å etablera eit stort nok engelskspråkleg tilbod slik at me slepp å løysa andre sine problem, seier professor Olav Torvund.
Men det er ikkje det einaste problemet fakultetet strir med.

- Problemet er at mange av jusstudentane drar til eit utanlandsk universitet på eiga hand utan å ha nokon avtale i ryggen. Difor hamnar mange av dei på universitet me veit lite om berre fordi dei har vore flinke til å marknadsføra seg. Me vil gjerne ha fleire av desse studentane inn under utvekslingsavtalar. Då vil det vera mogleg å få til eit fagleg samarbeid med dei aktuelle institusjonane i tillegg til ein avtale om studentutveksling, seier Torvund. Dei studentane som tar eksamenar ved eit utanlandsk universitet kan få desse godkjende som ein del av dei valfrie studia på jusstudiet.

- Fleirtalet av studentane oppheld seg i utlandet i eit semester, men mange ynskjer å vera borte i eitt år. Då vil dei nemleg få høve til å setja seg inn i systemet, fortel Torvund. Han ser store fordelar med at studentane tar ein del av studiet i utlandet.

- Det er mange internasjonalt relaterte fag på jusstudiet der eit opphald ved eit australsk universitet kan vera eit godt utgangspunkt for å forstå juridiske problem i Asia. Samtidig kan opphaldet hindra at studenten fell inn i spesielle tankemønster og vanar, understrekar Torvund.

Vil ha fleire kurs på engelsk

Førstekonsulent Guri Vestad ved Seksjon for internasjonale program oppfordrar samtidig også andre fakultet til å etablera fleire kurs på engelsk både på høgare og lågare grad.

- Då vil det vera mogleg å få fleire utanlandske studentar til UiO, og då vil UiO kunna senda fleire studentar til utanlandske universitet. Engelsktalande studentar drar nemleg ikkje til utlandet medan dei held på med ein høgare grad. Det gjer dei medan dei held på med bachelorgraden, oftast det tredje studieåret, fortel Vestad.

Førsteamanuensis Per Lysvåg ved Institutt for britiske og amerikanske studiar er engasjert i studentutveksling med lærestader i Storbritannia og andre engelsktalande land. Han meiner norske engelskstudentar bør leggja delar av sitt studium i eit engelsktalande land.

- Det er sjølvsagt viktig for vårt institutt å få nærare fagleg kontakt med universitet i Australia i tillegg til dei kontaktane me har i Storbritannia. I dag etterlyser nokre av studentane australsk litteratur, og det har me faktisk ikkje på pensum. Me har få problem med å få sendt studentar over på dei gratisplassane me har fått ved lærestader i Storbritannia, men våre kontaktar klarer ikkje å senda like mange hit. Difor er det viktig at andre fagmiljø kan etablera kurs på engelsk i tema som kunne interessert studentar frå andre land, synest Lysvåg.

Døme på slike område kan vera oljeutvinning, velferdsstat, miljøvern, internasjonal bistand og fredsskapande arbeid. Men også tema som kvinnefrigjering og norsk litteratur frå Ibsen til Gaarder kunne vera tema som ville fått fleire engelsktalande studentar til å ta ein del av utdanninga si ved UiO, trur Lysvåg. Ved dei universiteta UiO har utvekslingsavtale med i Australia, Asia og USA, sender UiO seks studentar for kvar utanlandsk student institusjonen får tilbake.

Eit viktig element i denne saka er at staten gjennom Lånekassen deler ut gebyrstipend for 400 - 500 millionar kroner til norske studentar som tar heile utdanninga si i utlandet. I studieåret 1999-2000 utgjorde dette til saman 14 850 studentar.

- Det hadde vore betre om ein del av desse pengane blei brukt til å finna ordningar som gjer det mogleg for våre eigne studentar å ta delar av sitt fag i utlandet. Då kan også dei norske fagmiljøa kvalitetssikra studiar i utlandet som dei kan tilrå for studentane sine, seier Lysvåg, som også vil at utanlandskproduserte vekttal skal telja i vekttalsproduksjonen til eit institutt. Desse synspunkta gjer han nærare greie for i ein kronikk i Aftenposten 22. desember i fjor. Kronikken fekk eit svar i Aftenposten 8. januar 2001.

Emneord: Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 9. jan. 2001 15:23 - Sist endra 10. des. 2008 15:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere