Fredspris til burmesisk studentunion

Den burmesiske studentunionen All Burma Federation of Student Unions ved leiaren Min Ko Naing får tildelt "Studentane sin fredspris" for år 2001. Organisasjonen blir tildelt prisen for den modige, uthaldande og ikkje-valdelege kampen den har ført mot eit av verdas verste regime.

Thorvald Stoltenberg grunngjev kvifor den burmesiske studentleiaren Min Ko Naing t.h. og studentunionen ABFSU får fredspris.
Foto: Ståle Skogstad

Det er Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim som deler ut Studentane sin fredspris, og fredspriskomiteen har vore sett saman av blant andre tidlegare statsminister og parlamentarisk leiar for Kristeleg Folkeparti, Kjell Magne Bondevik og tidlegare utanriksminister og ambassadør Thorvald Stoltenberg.

Støttespelarar for Aung San Suu Kyi

I ei pressemelding frå studentfestivalen heiter det at studentane i Burma har lange og stolte tradisjonar for politisk kamp. Dei har lenge vore støttespelarar for Aung San Suu Kyi og Den nasjonale ligaen for demokrati. Denne prisen er ei anerkjenning av deira innsats for fred og demokrati, og ein hyllest til det motet, den viljestyrken og evna til å halda ut som Min Ko Naing representerer.

Han er leiaren og forgrunnsfiguren for Burmas studentar trass i at han no sit i fengsel på tolvte året. Under studentdemonstrasjonane for demokrati i 1988 spelte han ei sentral rolle. I 1989 blei han dømt til 20 års fengsel for dei politiske aktivitetane sine. I dag er Min Ko Naing den fangen som har sete lengst tid i fengsel i Burma. Ein fersk Amnesty-rapport melder at helsestilstanden hans er svært dårleg.

- Den internasjonale studentfestivalen i Trondheim ynskjer med "Studentane sin fredspris" 2001 å setja fokus på kor alvorleg situasjonen er for studentane i Burma, og samtidig auka det internasjonale presset mot regimet i Burma, seier leiar for festivalen, Marte Lerberg Kopstad.

Studentfestivalen skal også setja i gang ein underskriftsaksjon med krav om at universiteta blir opna igjen og at Min Ko Naing blir sett fri.
Reprentantar for den burmesiske studentunionen All Burma Federation of Student Unions vil koma til Den internasjonale studenfestivalen i Trondheim (ISFiT) 8. mars for å ta imot prisen.

Komitémedlem Thorvald Stoltenberg offentleggjorde namnet til prisvinnaren i Georg Sverdrups hus ved Universitetet i Oslo 25. januar. Kunngjeringa blei samtidig også offentleggjort i Hovedbygget til NTNU på Gløshaugen i Trondheim.

Emneord: Priser Av Martin Toft
Publisert 26. jan. 2001 15:03 - Sist endra 10. des. 2008 15:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere