Nye notat- og brevmalar

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


Revidert grafisk profil:

Dei nye elektroniske malane for brev, notat og faks er no klare, men berre i Word for PC i første omgang. Mac-malane blir lagde ut i løpet av eit par veker. Dette vil føra til ei grafisk oppstramming og ei typografisk opprydding som skal gjera malane betre å bruka.

Alv Reidar Dale

Nytt: notatmal

Men noko er heilt nytt: ein eigen notatmal, som skal brukast til all intern brevveksling og notatskriving. Der er lagt inn linjer for «til, frå, kopi, saksbehandlar, emne, saksnummer, sakseigar og dato». Alle desse stikkorda ligg i ein skjemadel som berre er å fylla ut. Det same gjeld namn og tittel på sakshandsamar, direkte telefon og e-postadresse, som skal leggjast inn i ein botntekst som flytter seg med dokumentlengda. Det er gjort slik i brevmalen også, som òg har innleiande skjemalinjer med mottakar, dato og ref. Andreark av brev kjem automatisk opp med sidenummerering.

Det er laga faste brevhovud for 12 hovudeiningar ved universitetet: Universitetet i Oslo, Universitetsbiblioteket i Oslo, dei åtte fakulteta og dei to nye museumseiningane, og malane ligg i 12 tilsvarande mapper. Det er også laga nynorske variantar der det trengst og eit heilt sett med headingar på engelsk. Desse toppane kan ikkje endrast, men elles må IT-ansvarlege ved kvar undereining gå inn og tilpassa malane lokalt med dei rette opplysningane for eininga (Avdeling/Seksjon eller Institutt/Avdeling osv.) før malane blir lagde i ei eiga malmappe for eininga.

Kvar finn du malane?

Dei nye malane for brev, notat og faksark i MsWord for PC finn du på nettverksdisken:

p:\uio\graf-pro\maler\

Der ligg også ei inngåande brukarrettleiing for IT-ansvarlege og andre som skal lasta ned, tilpassa og ta i bruk dei nye malane.

Skrifta Concorde, som skal brukast i all tekst i slike skriv, finn du på diskplass:

p:\uio\graf-pro\concorde\

Dersom nokon på ingen måte får lasta ned og teke i bruk Concorde, skal de nytta Times.

Logoen til UiO ligg i tre nyutlagde versjonar (ulikt detaljerte) i betre kvalitet på:

p:\uio\graf-pro\apollon\

Om litt vil det også bli lagt ut eit par foil/lysark-malar i PowerPoint til allmenn bruk, og eit par malar for enkle framsider/omslag noko seinare.

Enzo Finger Design, som utarbeidde UiO sin grafiske profil frå 1990 til 92, har også revidert det visuelle uttrykket vårt. Spørsmål om den grafiske profilen rettar de til grafisk ansvarleg a.r.e.dale@admin.uio.no


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 9. feb. 2000 13:16 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere