Menneskefisking på Sjølyst

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000


bli.no eller bi.no? Eller kanskje uio.no? Det var problemstillinga for ungdomane som stakk innom utdanningsmessa på Sjølyst i førre veke.

menneskefiskarar

MENNESKEFISKARANE: Dei fiskar ungdomar for Universitetet i Oslo på Sjølyst. Frå venstre hovudfagsstudent i matematikk, Elise Øby, studiekonsulent Ragnhild Wangen ved MN-fakultetet og studiekonsulent Camilla Gilje Thommessen i UNIVETT.

Martin Toft
Ståle Skogstad (foto)

I sentrum av dei mange hundre lærestadene som er til stades på messa, finn me utstillinga til Universitetet i Oslo. Den ragar to meter over alle dei andre utdanningsinstitusjonane sine reklamestands og er full av ungdomar og godt vaksne som vil prøva UiOs dataspel og smaka på kaffien til Studentsamskipnaden. Men det finst også dei som er interesserte i å vita meir om studietilboda ved UiO. Utstillingskoordinator eller, på messespråket, coach Mette Børing Laugerud, er godt nøgd med oppslutnaden om UiOs stand så langt.

- Ja, det har vore ei kjempestor interesse. Det er så mange som kjem innom at me ikkje klarer å snakka med alle. Universitetet i Oslo er så stort og har så mange fag at det lett blir til at du svarar at du kan bli alt om du studerer ved UiO. Men det har vore størst interesse for jus, HF-fag og SV-fag, fortel ho før ho legg til at dei matematisk-naturvitskaplege faga har studiekonsulentane til MN-fakultetet sjølve tatt seg av.

Like etterpå observerer me hovudfagsstudent i matematikk, Elise Øby, i samtale med tredjeklassingane Lars Strandengen og Morten Magnus Voll. Begge virkar oppriktig interesserte i dei opplysningane Elise Øby gir dei om studietilboda ved fakultetet som no er eit av dei fakulteta Universitetet i Oslo skal trekkja fram i marknadsføringa si. Etter at samtalen med Elise Øby er over, vil me høyra med dei kva utdanningsplanar dei har.

- Eg skal først gjera militærteneste og deretter skal eg studera matematikk, fortel Strandengen.

- Blir det ved Universitetet i Oslo?

- Nei, det veit eg enno ikkje, svarar han. Kameraten hans, Morten Magnus Voll har allereie bestemt seg.

- Eg vil studera ved NTNU fordi eg tykkjer undervisningsforma der er betre enn den tradisjonelle universitetsundervisninga, seier han.

Men kva synest det om utstillinga til UiO?

- Den virkar veldig bra og viser at folka som er her, har god kompetanse. Difor er det også viktig at dei som er her, er studentar som kan dei forskjellige faga godt, er begge samde om. Og Elise Øby synest det har vore stor interesse for realfaga.

- Det som er mest overraskande er at det er fleire jenter enn gutar som vil vita kva studietilbod MN-fakultetet har. Og eit fast mønster er at alle som spør etter informasjon, allereie har bestemt seg for å studera realfag. Då er det sjølvsagt vår oppgåve å hindra at dei drar til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim, seier ho. Men ho får også mange rare spørsmål.

- Det er ein del som spør kor lure dei må vera for å kunna studera matematikk ved UiO.

Det er nok ikkje heilt lett å svara på eit slikt spørsmål. Men dei potensielle studentane vil gjerne ha svar på alt mogleg, og difor har mest alt informasjonsmateriellet til MN-fakultetet gått rett ut.

- Det har vore så stort besøk her at eg ikkje har fått tid til å sjå på utstillingane til dei andre universiteta og høgskulane, fortel ho. Då er det nok litt vanskelegare for den næraste naboen til UiO på Sjølyst, Høgskulen i Finnmark, å få lokka studentar dit.

Ja, me må først overtyda ungdomane om fordelane med å flytta heilt til Finnmark før me kan begynna å fortelja dei meir om kva studietilbod me har, fortel konsulent Anita Håkegård Pedersen som jobbar ved studentkontoret i Alta. Men ho trekkjer gjerne fram at Høgskulen i Finnmark har 1700 studentar. Det utgjer over 10 prosent av dei 16 500 innbyggjarane i Alta kommune.

Difor pregar nok studentane miljøet mykje meir i Alta enn her i Oslo, konstaterer ho. 15. mars går fristen ut for å søkja seg inn på dei norske høgskulane og universiteta. Då vil det visa seg kva utdanningsinstitusjon som har vore flinkast i klassen på utdanningsmessa på Sjølyst.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 2 2000

Publisert 10. feb. 2000 09:45 - Sist endra 1. sep. 2014 14:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere