Forsking er ei god valkampsak i USA
- Begge dei amerikanske presidentkandidatane overbaud kvarandre i lovnader om å gi meir pengar til forsking og høgare utdanning under presidentvalkampen. Det viser seg at dette er ei god sak som er på den politiske dagsordenen i USA, konstaterer universitetsdirektør Tor Saglie etter eit månad langt studieopphald i landet.

Etter ni år som universitetsdirektør utan verken studiepermisjon eller sabbatsperiode, fekk Tor Saglie denne hausten høve til å dra på eit lengre opphald i USA. Formålet var å setja seg inn i styringssystema ved amerikanske statlege og private universitet. Han besøkte både dei statlege universiteta University of Maryland, University of Virginia, William & Mary University og George Washington University i Washington D.C. Dessutan tok han seg også ein tur til fleire av dei nasjonale organisasjonane for høgare utdanning og forsking, blant andre American Associaton of Universities (AAU).
Stolte over universiteta
- Det slår meg kor mykje viktigare forskings- og universitetspolitikk er i USA i høve til Noreg. Folk er stolte over universiteta sine, og dei spelar ei stor og viktig rolle i samfunnslivet. Eit godt bilete på det er at alle dei tre valdebattane mellom presidentkandidatane George W. Bush og Al Gore gjekk føre seg på tre forskjellige universitet, fortel han. Når det gjeld styringssystemet ved dei offentlege universiteta i USA, skiljer dei seg sterkt ut frå styringssystema ved dei norske universiteta.
- Ja, alle universiteta har eit eksternt styre som blir leia av ein president som styret har peika ut. Det er også presidenten som plukkar ut dekanar til dei forskjellige fakulteta. Og så er det dekanane som tilsett styrar for kvart einskild institutt. Men det gjer dei ikkje utan å rådføra seg med dei tilsette. Ved Det utdanningsvitskaplege fakultetet ved eit av desse universiteta hadde dekanen 40 forskjellige utval og komitéar som kunne gi han råd og innspel om gode kandidatar til ei slik stilling. Det er likevel dekanen som tar den endelege avgjerda, men han er likevel garantert at vedtaket ikkje er i strid med haldninga til fleirtalet av dei tilsette ved fakultetet, fortel Saglie, som også hadde notert seg at instituttstyrarane ikkje har rapporteringsplikt til dekanen og dekanane heller ikkje har det overfor universitetsleiinga.
Større ansvar
- Dermed får kvar fagleg leiar større ansvar for sitt institutt. Det gjer det også lettare å fylgja opp viktige fagleg-politiske spørsmål i ei tid der det blir stilt sterkare krav til fagleg leiing, men samtidig som det ved dei offentlege universiteta er stort fagleg autonomi med stor sjølvstende for kvar forskar, er styra for universiteta også opptekne av å prioritera kva fag dei skal satsa på. På same tid er universiteta heile tida opptekne av kva oppgåver dei skal ta på seg og kva dei ikkje skal ta på seg.
Likevel ser han også veikskapar med eit slikt system.
- Det er eit mindre innslag av kollegial styring og dermed
vanskelegare for dei tilsette å påverka avgjerdene til
universitetsleiinga. Sjølv om dei amerikanske universiteta
har kollegieråd, så manglar dei den formelle medverknaden som
me har ved dei norske universiteta, slår Saglie fast.
Nyttig observasjon
Ein slik observasjon kan også vera nyttig i høve til
innstillinga frå Mjøsutvalet.
- Ja, viss fleirtalet i Mjøsutvalet får fleirtal for
framlegga sine, kan ein amerikansk styringsmodell også bli
aktuell for dei norske universiteta. Difor har det vore
nyttig å ha sett seg inn i korleis ein slik styringsmodell
fungerer i USA, konstaterer UiOs universitetsdirektør. Når
det gjeld kjennskapen til europeiske universitet, er den
liten ved dei amerikanske universiteta. Dette ynskjer Saglie
no å gjera noko med.
- Eg vil til dømes ta kontakt med Noregs representant i
organisasjonen for europeiske universitet CRE, tidlegare
rektor Lucy Smith, og be henne om å ta opp spørsmålet om
korleis det kan bli ein nærare kontakt og nærare samarbeid
mellom amerikanske universitet og universitet i Europa.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere