Drapstruga akademikarar i Colombia ber om hjelp

Studentar og universitetslærarar som er truga på livet i Colombia, ber norske universitet om å ta imot dei for ein kortare periode til dei kan venda heim att. Til no i år er 30 studentar og 10 universitetslærarar myrda i dette valdsherja landet.

DEMONSTRASJON: Studentar demonstrerer i Cartagena. (Foto: Linda Bukåsen)

Solfrid Haugen frå Colombia Studentforening og internasjonalt ansvarleg Signe Aanby i Norsk Studentunion er sjokkerte over det dei og tre andre studentar frå blant andre Sosialistisk Ungdom opplevde i Colombia tidlegare i haust.

- Dersom eg hadde hatt det vervet eg har no i Den colombianske studentunionen i staden for i NSU, ville eg heilt sikkert blitt drepen. Ein studentleiar i Colombia blei drepen berre fordi ho krevde studentrabbatt på kollektivtransporten i heimbyen sin, fortel Signe Aanby. Dei fem norske studentane var alle inviterte til Colombia av Den colombianske studentunionen (Asociación Colombiana de Estudiantes Universitarios) for å delta på det første landsmøtet etter at organisasjonen blei stifta for to år sidan.

Borgarkrig

Landsmøtet gjekk føre seg i Cartagena, som både er heimbyen til forfattaren Gabriel García Márquez og ein by i kolonistil som trekkjer mange utanlandske turistar til landet. Men baksida av medaljen er den pågåande krigen mellom dei to venstreorienterte geriljagruppene FARC og ELN på den eine sida og hæren og dei paramilitære gruppene på den andre sida. Eit valdeleg politi som slår ned på sivile som kjempar for vanlege menneskerettar gjer ikkje situasjonen lettare. I tillegg er begge sider også involverte i narkotikatrafikken.

Det er hovudårsaka til at 1.5 millionar colombianarar er flyktningar i sitt eige land. Store delar av den colombianske økonomien er retta inn mot finansieringa av krigen. Dermed blir det lite pengar igjen til forsking og utdanning.

Krigen på universiteta

- Fleire av dei organiserte studentane torde ikkje å møta oss inne på universitetsområdet fordi dei ikkje alltid kunna stola på medmenneska sine. Konflikten har etter kvart klart å infiltrera universiteta i større grad den siste tida. Medan konflikten tidlegare var prega av klare motpartar som gerilja, paramilitære grupper og styresmaktene, har den no blitt retta inn mot blant andre studentar og akademikarar. Dei blir kalla fiendar av systemet. Difor er fagorganiseringa blant studentar og akademikarar blitt eit trugsmål. Ein universitetsprofessor sa til oss at det ikkje er noko tilbod om statsvitskap i Colombia, og at det er grunnen til at dei har det slik dei har det. Sjølv om mange studentleiarar og universitetsleiarar er drepne, fryktar mange meir at arbeidet deira ikkje skal bli ført vidare enn å bli drepen av ei kule, fortel Aanby og Haugen.

Men det er ikkje berre valden som gjer studiekvardagen vanskeleg for studentar og universitetslærarar.

- Ein prosent av verdas forsking går føre seg i Latin-Amerika, og berre ein prosent av Latin-Amerikas forsking går føre seg i Colombia. Til saman brukar den colombianske staten 0.02 prosent av statsbudsjettet på forsking og utdanning. Samtidig er 70 prosent av universiteta private og 30 prosent offentlege, fortel dei. Også ved dei offentlege universiteta er det mange universitetslærarar som vel ikkje å organisera seg.

- Sidan dei aller fleste av dei sit i tidsavgrensa engasjement, fryktar dei at dei ikkje får vidareført engasjementet dersom dei melder seg inn i ei fagforeining. Leiaren for den største nasjonale fagforeininga for universitetstilsette, Sindicato Nacional de Trabajadores y Empleados Universitarios de Colombia, er forsvunnen, og mange reknar med at dei paramilitære har tatt livet av han.

Demonstrantar slått av politiet

Dei norske studentane opplevde sjølve valden i Colombia på nært hald då dei var til stades på landsmøtet til Den colombianske studentunionen i Cartagena.

- Under ein demonstrasjon mot drapet på to studentar, gjekk politiet til aksjon og arresterte to studentar som dei slo og mishandla før dei truga dei på livet. Tomme lastebilar blei også sende inn i byen for å skremma studentane. Det er nemleg desse lastebilane politiet og dei paramilitære brukar når folk blir ført vekk for seinare å forsvinna, seier dei to studentane.

Dei oppfordrar no norske universitet til å ta bøna frå colombianske studentar og universitetslærarar alvorleg, og gi dei ein trygg tilhaldsstad i Noreg til dei kan venda tilbake til heimlandet.

- Mange meiner likevel at det er betre å døy av ei kule i Colombia enn av mangel på venner i utlandet, men andre synest det er viktigare å redda livet og kunna fortelja resten av verda om situasjonen i heimlandet.

Presidentbesøk utsett

Colombias president Andrés Pastrana skulle denne veka ha vore på besøk i Noreg i samband med fredssamtalane mellom regjeringa og geriljaorganisasjonane. Samtalane blir leia av FNs visegeneralsekretær Jan Egeland, og saman med land som Cuba og Spania er Noreg ein sterk pådrivar for å få partane til å gå med på ein fredsavtale. Samtidig har USA løyvd over 10 milliardar kroner i våpenhjelp til regjeringsstyrkane. Den vanskelege situasjonen i Colombia førte til at Noregsbesøket til Pastrana blei utsett.

- Me vil be Universitetet i Oslo om å engasjera seg aktivt for dei colombianske studentane og universitetslærarane ved å la universitetet bli eit frirom for dei drapstruga akademikarane. Dei vil både læra og undervisa om dei kjem hit. Dessutan kan UiO senda lærarar og studentar til universitet i Colombia. Dei som kjempar for menneskerettane i Colombia, er nemleg tryggare når det er internasjonale observatørar i landet, seier Aanby og Haugen.

Emneord: Latin-Amerika Av Martin Toft
Publisert 26. nov. 2000 12:11 - Sist endra 10. des. 2008 14:52
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere