UiO, NLH og NVH etablerer Noregs største forskingsallianse om biofag

Universitetet i Oslo, Noregs landbrukshøgskule og Noregs veterinærhøgskule underteikna onsdag 25. oktober 2000 ein intensjonsavtale om å inngå ein forskingsallianse om biofag

Rektor Hallstein Grønstøl ved Noregs veterinærhøgskule, rektor Kaare R. Norum ved Universitetet i Oslo og rektor Roger K. Abrahamsen ved Noregs landbrukshøgskule skriv under samarbeidsavtalen.
Foto: Trine Nickelsen

Det var rektor ved Universitetet i Oslo, Kaare R. Norum, rektor ved Noregs landbrukshøgskule, Roger K. Abrahamsen og rektor ved Noregs veterinærhøgskule, Hallstein Grønstøl, som underteikna avtalen på vegner av institusjonane sine. Dette blir Noregs største forskingssamarbeid om biofag.
Alliansen vil omfatta samarbeid om forsking, kandidat- og forskarutdanning, etter- og vidareutdanning og formidling. I ei pressemelding frå Universitetet i Oslo, blir det understreka at dei tre institusjonane med dette ynskjer å styrkja den forskingsstrategiske planlegginga og gi forskinga ei sterkare fagleg leiing.

Målet er å etablera alliansen innan 1. juli neste år. Den skal syta for naudsynt koordinering av dei omstillings-prosessane som kvar av samarbeidspartnarane må gå gjennom. Det er dei auka krava til omstilling og samfunnsnytte, auka grad av sjølvstende og sterkare konkurranse som styrkjer behovet for å få utnytta desse ressursane betre enn i dag.

Sidan Noregs veterinærhøgskule og Noregs landbrukshøgskule har den faglege tyngden sin innan biovitskapane,vil partane prioritera samarbeidet innanfor dei biologiske faga, inkludert medisin. Institusjonane ventar at forskinga skal gi resultat, ikkje minst innan matproduksjon på land og i hav og innan medisin og helse, går det fram av presse-meldinga frå UiO.

Emneord: Forskningssamarbeid Av Martin Toft
Publisert 25. okt. 2000 15:10 - Sist endra 10. des. 2008 16:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere