Språkrådet: - Nederlag for universitetet

Universitetsleiinga vil ikkje påleggje fakulteta å skrive Forelesingskatalogen på nynorsk og viser til eit stort behov for nynorsk-opplæring blant dei tilsette. - Eit gigantisk nederlag for universitetet og universitetet sin personalpolitikk, meiner Jon Grepstad i Norsk språkråd.

Dei er ikkje mange dei nynorske orda som let seg rista ut av Forelesingskatalogen for haustsemesteret. Og det vert ikkje stort fleire i katalogen som kjem i januar, heller.
Foto: Ståle Skogstad

Forelesingskatalogen skal berre gjevast ut på nynorsk. Dette var eit av dei viktigaste tiltaka Universitetet i Oslo lova å setja i verk for å få opp nynorskprosenten ved institusjonen. Tiltaka kom som eit svar på kritikken frå Norsk språkråd som har vist til at universitetet som statsinstitusjon er forplikta til å ha 25 prosent av alt skriftleg materiell på nynorsk. Berre åtte prosent av dette har vore på nynorsk ved UiO. Universitetet fekk også brev frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet som minner om reglane for målbruk i offentleg teneste.

- Krev for mykje

Som eit synleg resultat av den auka merksemda om nynorsk ved UiO, har Forelesingskatalogen haustsemesteret i år nynorsk på framsida. Men berre ein svært liten del av innhaldet i katalogen er skrive på nynorsk. I brev som Språkrådet sendte universitetsdirektøren 10. august 2000, blir universitetet bedt om å syta for at heile Forelesingskatalogen kjem på nynorsk vårsemesteret 2001.

Men denne oppmodinga blir ikkje fylgd. Sentraladministrasjonen skal påleggjast å skriva sine sider på nynorsk, men universitetsdirektør Tor Saglie vil ikkje påleggje fakulteta å gjere det same. - Å omsetje heile Forelesingskatalogen til nynorsk, krev omfattande bruk av administrative ressursar. Vi har kome fram til at den fullstendige overgangen til nynorsk må nedprioriterast, seier han.

Saglie peikar på at dei økonomiske konsekvensane er store fordi mange sakshandsamarar ikkje er vane med å skriva på nynorsk. - Vi har avdekka eit stort behov for skolering. Dessutan krev tilrettelegging av tekstbasar og kvalitetssikring av nynorskmateriell større ressursar. Med tanke på alle dei andre oppgåvene vi har, ynskjer vi å nedprioritere dette no. Men vi vil vurdere saka på nytt neste år, seier universitetsdirektøren.

Gigantisk nederlag for UiO

Informasjonsrådgjevar i Norsk språkråd, Jon Grepstad, reagerer slik når Uniforum gjer han kjend med universitetsleiinga sitt vedtak:
- Dersom det verkeleg er slik at fakulteta ved Universitetet i Oslo ikkje har den nødvendige språkkunnskapen som skal til for å lage Forelesingskatalogen på nynorsk, er det eit gigantisk nederlag for universitetet og for universitetet sin personalpolitikk.

- Det er oppsiktsvekkjande at universitetsleiinga i det heile teke tør akseptere eit slikt nederlag. Det ser ut som sidemålsundervisninga må styrkjast, ikkje berre på dei vidaregåande skulane i Oslo, men også mellom dei tilsette ved det største universitetet vårt, seier han. Grepstad meiner det elles burde vere velkjent at tilsette i staten som har med skriftleg utforming å gjere, pliktar å meistre begge målformer. - Meistrar dei ikkje begge målformer ved tilsetjinga, har arbeidsgjevaren plikt til å syte for at dei får nødvendig opplæring.

Han avviser universitetsdirektøren sine økonomiske argument for å la vere å omsetje Forelesingskatalogen til nynorsk: - Økonomiske argument er heilt irrelevante i denne saka. Statlege institusjonar har plikt til å innrette seg etter dei lovar og reglar som gjeld, anten det medfører meirutgifter eller ikkje, seier Grepstad.

Emneord: Nynorsk Av Trine Nickelsen
Publisert 3. okt. 2000 16:32 - Sist endra 10. des. 2008 15:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere