Hungersnaud gav tøvêr

Den store hungerskatastrofen i Nord-Korea opna opp for tøvêret mellom Nord- og Sør-Korea. Det meiner UiOs første førsteamanuensis i koreansk, 27 år gamle Vladimir Tikhonov frå Russland, som denne veka heldt introduksjonsforelesinga si.

- Det vil framleis ta mange år før Nord- og Sør-Korea blir eitt land, seier førsteamanuensis i koreansk, Vladimir Tikhonov ved UiO.
Foto: Ståle Skogstad

- Indirekte har eigentleg heimlandet mitt Russland skulda for hungerskatastrofen i Nord-Korea. Hovudårsaka til at den braut ut, var at den russiske regjeringa med president Boris Jeltsin i brodden, slutta å senda sterkt subsidiert kunstgjødsel og reservedelar til den nordkoreanske landbruksmaskinparken, seier Tikhonov. Samtidig slår han fast at utan hungersnauda hadde det heller ikkje blitt noko av det tøvêret som i dag eksisterer mellom dei to koreanske statane.

Tar vare på privilegia

- På denne måten har noko som i utgangspunktet var negativt blitt vend til noko positivt. Den styrande politiske klassen i Nord-Korea har også fått augene opp for kor mykje meir effektivt det sørkoreanske samfunnet er samanlikna med det lukka broderlandet i nord. Denne politiske klassen ser at den på same måten som den politiske klassen i Kina, kan ta vare på alle privilegia sine også gjennom ein sakte, men sikker overgang til eit nytt kapitalistisk regime.

Og det ser ut til at dei sørkoreanske politikarane med president Kim Dae-jung i brodden, er villige til å gi dei gode posisjonar og behandla dei som likemenn i denne prosessen, konstaterer han.

- Det er slåande å leggja merkje til korleis Nord-Koreas president, Kim Jong-il har gått frå å vera ein demon til å bli ein populær politisk figur i Sør-Korea. Ei slik utvikling kan berre samanliknast med korleis Yassir Arafat gjekk frå å vera ein terrorist til å bli ein seriøs politisk leiar både i Israel og i Vesten, legg han til.

Nord-Korea som mønsterland

Han ynskjer å fjerna myten om at heile Nord-Korea er eit tilbakeståande jordbrukssamfunn.
- Nei, dersom du drar til nordkoreanske sjukehus og andre offentlege institusjonar, kan du sjå at dei er fulle av japanske elektroniske hjelpemiddel. Årsaka til dette er at det finst ein stor koreansk koloni i Japan, og dei som tilhøyrer venstresida, ser på Nord-Korea som sitt førebilete. Difor sender dei elektronikk til slektningane og dei politiske trusfellene sine i Nord-Korea.

Mange av dei intellektuelle på den japanske venstresida har også hatt Nord-Korea som sitt mønstersamfunn. Ei av årsakene til det kan vera at det var lett for dei å sjå at Sør-Korea var eit kapitalistisk militærdiktatur som berre tente amerikanske interesser fram til 1990-talet, forklarar han. Tikhonov viser til at faren til dagens nordkoreanske leiar, Kim il-Sung, var ein svært respektert leiar, fordi han hadde kjempa mot den japanske okkupasjonen av Kina.

Korea og Japan

- Dagens nordkoreanske leiar Kim Jong-il er fødd i Russland fordi faren hans var offiser i Den raude hæren i Sovjetunionen, og deltok i den koreanske brigaden til Maos kommunistparti under Den kinesiske revolusjonen. Han snakka både russisk, mandarin og japansk. Ein person som har kjempa mot japanarane får alltid koreanarane djup respekt for, fortel han. Men den japanske koloniseringa av Korea kan ikkje samanliknast med Storbritannias kolonisering av India.

- Nei, koreanarane og japanarane hadde mange ting til felles, blant anna skriftspråket. Den akademiske eliten i Korea blei dessutan svært japaniserte under den 35 år lange japanske okkupasjonen.
- Når vil det bli mogleg for vanlege nordkoreanarar å reisa fritt til utlandet?
- Det vil framleis ta mange år. For så lenge den økonomiske skilnaden mellom Sør-Korea og Nord-Korea er så stor som i dag, med eit nordkoreansk bruttonasjonalprodukt som er berre fire prosent av det sørkoreanske, ville det føra til at regimet i Nord-Korea umiddelbart ramla saman, seier Tikhonov.

Sjølv har han studert koreansk ved Universitetet i St. Petersburg og i Moskva der han også blei kjent med ei sørkoreansk jente som han i dag er gift med. Difor hamna han også på Koreas nasjonaluniversitet i Seoul.
- Men korleis hamna du ved Universitetet i Oslo?
- Eg søkte den ledige jobben som førsteamanuensis i koreansk då den blei utlyst ved dei koreanske språkmiljøa i heile verda. Då han som eigentleg var innstilt til jobben, øydela foten sin, fekk eg sjansen, og den greip eg med ein gong, fortel han.

Dra til Korea!

Stillinga som førsteamanuensis er delvis betalt av Korean Foundation og delvis av Universitetet i Oslo. Denne veka gjekk Kollegiet inn for å oppretta eit semesteremne og eit grunnfagstillegg i koreansk. I tillegg gjekk det også inn for å oppretta eit semesteremne og eit grunnfagstillegg i Aust-Asiakunnskap. Begge desse faga har Vladimir Tikhonov det faglege ansvaret for.
- Eg håpar så mange som kan drar til Korea for å nyta den eldgamle kulturen, den nydelege kunsten og den flotte naturen i Korea, oppfordrar han.

Fakta om dei to koreanske statane:

Sør-Korea:
- 46,9 millionar innbyggjarar
- hovudstad: Seoul
- president Kim Dae-jung
BNP: (1996): U.S.$483,130,000,000 eller U.S.$10,610 pr. innbyggjar
(Kjelde: Encyclopedia Britannica)
-

Nord-Korea:

- 20,0 millionar innbyggjarar
- hovudstad: Pyongyang
- formann, Kim Jong-il
- BNP: (1996): U.S.$20,867,000,000 eller U.S.$970 pr. innbyggjar
(Kjelde: Encyclopedia Britannica)

Emneord: Korea Av Martin Toft
Publisert 5. okt. 2000 15:31 - Sist endra 10. des. 2008 15:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere