UiO deltar i forskingsstifting på Fornebu

Universitetet i Oslo blir truleg medstiftar av Senter for Fremragende Forskning Fornebu AS.

Det er klart etter at Kollegiet har gitt universitetsdirektør Tor Saglie og rektor Kaare R. Norum fullmakt til å forhandla og inngå avtalar om stifting av dette selskapet. Kollegiet tar atterhald om godkjenning frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Det blir anten dei fire norske universiteta som åleine blir aksjonærar i dette selskapet eller dei fire universiteta saman med SINTEF og Norsk Regnesentral. Planen er å stifta selskapet innan 31. desember 2000 med ein aksjekapital på 1 million kroner. Før lokala på Fornebu blir ferdige, er det planen at selskapet skal lokaliserast til Forskningsparken AS.

Publisert 7. sep. 2000 16:11 - Sist endra 10. des. 2008 16:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere