ProSus - vaktbikkje for miljøet

- Me valde å bli ein del av Senter for utvikling og miljø (SUM) ved UiO fordi me ikkje hadde ressursar nok til å sjå på Nord/Sør-problema medan SUM ikkje hadde ressursar nok til å sjå på miljøproblema i Noreg. Slik blei partnarskapen mellom ProSus og SUM inngått, forklarar forskingsleiar William Lafferty.

- Bensinavgiftene må bli miljøavgifter og gå direkte til miljøtiltak, meiner forskingsleiar William Lafferty i ProSus
Foto: Martin Toft

Sidan nyttår har denne partnarskapen eksistert, og dei to forskingsinstitusjonane er no inne i utprøvingsfasen av denne bu- og forskingsfellesskapen. Medan Senter for utvikling og miljø (SUM) stort sett har konsentrert seg om forskingsprosjekt som har handla om Nord/Sør-problematikken, har ProSus evaluert og analysert korleis OECD-landa har fylgd opp intensjonane på FNs miljøkonferanse i Rio de Janeiro i 1992 om ei berekraftig utvikling.

- Då me skulle finna ut kva forskingsinstitusjon me skulle velja som samarbeidspartnar, landa me på Universitetet i Oslo, fordi me kunne utnytta ressursane til universitetet på miljøområdet betre. Forskingsprogrammet får kvart år ei grunnløyving frå Forskingsrådet, men det får kvart år ekstraoppdrag frå statlege institusjonar som Miljøverndepartementet og Statens forureiningstilsyn (SFT) som den samarbeidar nært med.

Regulering og styring

- Det er nok meir regulering og styring her ved UiO enn kva me var vande til frå før. Men dette er nok ein læringsprosess som både er smertefull og litt god, smiler Lafferty. Det smertar han å måtta konstatera at Noreg brukar altfor lite pengar til forsking på berekraftig utvikling.

- Både Sverige og Danmark har vore mykje flinkare enn Noreg til å driva forsking på alternative energiformer. Berre sjå på Danmark som no eksporterer vindmøller over heile verda. Folk lo av danskane då dei byrja med denne produksjonen. No ler dei ikkje lenger. Eigentleg så ville det ha vore naturleg om Noreg hadde forska på vindenergi sidan det er ei direkte vidareføring av vasskraftteknologien, som jo Noreg har masse kunnskap om, understrekar han. Lafferty klarer heller ikkje å forstå korleis politikarane gir etter for presset frå lastebileigarar og bilistane når dei klagar på for høge bensinprisar.

Lat bensinavgifter bli miljøavgifter

- Regjeringa burde ha øyremerkt bensinavgiftene til miljøtiltak. Då kunne statsminister Jens Stoltenberg forsvart dei høge bensinsprisane med at dei var med på å finansiera miljøtiltak. Diverre skjer ikkje det i dag, og difor er det lettare å gi etter for presset, meiner Lafferty. Han viser til at hovudoppgåva til ProSus er å evaluera korleis eksisterande demokratiske regime handterer kravet om berekraftig utvikling.

- Difor sette me i gang eit prosjekt om oppfylgjing av Rio-avtalane i ni OECD-land og EU. Diverre blei me nøydde til å påpeika at måla om berekraftig utvikling ikkje har blitt fylgde opp med same glød som måla blei vedtatt i Rio. Eit godt bilete på det i Noreg, er at den norske komiteen for berekraftig utvikling, leia av tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland, til dømes berre har hatt tre møter sidan den blei oppretta i 1992.

Styrkjer demokratiet

Lafferty meiner at evalueringsarbeidet og analysane til ProSus om miljøpolitikken også kan vera med på å styrkja demokratiet ved å finna ut kva tiltak som må til for at eit demokratisk regime skal klara å få samfunnet til å gå i ei meir berekraftig retning.

- Viss demokratiet stadig vekk opptrer med sikte på å vera pådrivar for målet om berekraftig utvikling i resten av verda utan å gjera noko på heimebane, vil folk til slutt mista trua på at demokratiet kan løysa desse problema. Difor er det naudsynt med eit sjølvstendig forskingstiltak som ProSus, som kan evaluera dette og gi innspel. På den måten kan me vera med på å oppretthalda legitimiteten til dei demokratiske vedtaksprosessane, seier Lafferty.

Og det er nettopp dette det seks år lange forskingsprogrammet, som ProSus no er i gang med, handlar om. Programmet som er finansiert av Noregs forskingsråd skal prøva å finna ut kva som kan påverka endring når alle veit at noko må gjerast, men ingen klarer å få det til.
- Vår oppgåve blir å skaffa kunnskap om kva verkemiddel som fungerer, seier Lafferty som gjerne vil gi honnør til både KUF og Forskingsrådet som finansierer eit slikt forskingsprogram.

Fakta om ProSus:

ProSus - Program for Research and Documentation for a Sustainable Society.
- oppretta av Noregs forskingsråd for perioden 1/1-96 til 31/12-99. Etter 1/1-2000 blei ProSus lagt som eit strategisk universitetsprogram under Universitetet i Oslo, Senter for utvikling og miljø (SUM).
Forskingsstab: Forskingsleiar William Lafferty og seks forskarar.
Samarbeidspartnarar: University of Sheffield, Universitetet i Twente, Det tekniske universitetet i Graz, Austerrike, Vestlandsforsking og Rogalandsforsking.

ProSus og Forskingsdagane

ProSus arrangerer miljøpolitisk kafé i med temaet "Forsking for demokratisk effektivitet". Kafeen blir arrangert torsdag 28. september kl. 16.30 - 18.00 på uteplassen Studenten på Karl Johan. Blant deltakarane finn ein tidlegare statssekretær i Miljøverndepartementet, Børre Pettersen, CICERO-direktør Knut Alfsen og ProSus-direktør William Lafferty.
Les meir om ProSus her:

.

Emneord: Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. sep. 2000 15:59 - Sist endra 10. des. 2008 15:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere