Liv Reidun Brakstad på Blindern

Performance-kunstnaren Liv Reidun Brakstad kom denne veka til Blindern. Ho skal både visa seg fram og halda foredrag.

Performance-kunstnaren Liv Reidun Brakstad opna den siste framsyninga si i Georg Sverdrups hus på Blindern måndag 25. september. Direktør for Riksutstillingar, Svein Christiansen heldt opningstalen, medan performance-kunstnaren blei helsa velkomen til Universitetet i Oslo av seniorarkitekt og sjef for UiOs kunstsamlingar, Bent Aaby. Etter opninga gjekk kunstnaren ut av biblioteket og rundt på Blindern med ein pokal medan ho med jamne mellomrom gjekk opp på ein avsats som om ho hadde vunne medalje i Dei olympiske sommarleikane i Sydney. Forestillinga hennar vil halda på fram til fredag 29. september. Ho vil halda framsyningar kvar dag klokka 11.00 og 13.00. Brakstad vil halda foredraget "Mitt liv som lærebok" fredag 29. september kl. 13.00 i Helga Engs hus, Auditorium 3.

Emneord: Kultur
Publisert 26. sep. 2000 15:56 - Sist endra 10. des. 2008 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere