Forsvaret fjerna høgeksplosivt kjemikalium frå Tøyen

Forsvaret fjerna fredag formiddag 11 flasker høgeksplosiv pikrinsyre frå Zoologisk museum på Tøyen.

- Fredag 15. september klokka 09.30 var Forsvaret her og fjerna 11 flasker med høgeksplosiv pikrinsyre frå lageret her ved Zoologisk museum. Det seier områdesjef Jan Sørlie i Teknisk avdeling til Uniforum. Han trur ikkje dei vil oppleva å finna fleire farlege kjemikalium på Tøyen.

- No er det heilt trygt her etter at me praktisk talt har støvsugd heile huset under oppryddingsaksjonen som Teknisk avdeling starta her denne veka, legg Sørlie til.

Sperra av

Det var tysdag ettermiddag det blei oppdaga høgeksplosiv pikrinsyre i eit lager ved Zoologisk museum på Tøyen. Politiet kom straks til og sperra av heile det aktuelle området. Forsvaret blei varsla, og kom altså i formiddag og fjerna 11 flasker med pikrinsyre. No er flaskene frakta til Forsvarets skytefelt på Hamar der dei skal sprengjast. Pikrinsyre er eit svært farleg stoff som detonerer ved oppvarming, og syra blei tidlegare brukt blant anna som sprengstoff i granatar. Tungmetallsalt av pikrinsyre er svært eksplosive. - Ved Zoologisk museum på Tøyen er truleg pikrinsyra brukt som fargestoff, til dømes for å farga fuglebein gule, fortalde ein av dei tilsette til Uniforum tidlegare denne veka.

Emneord: Tøyen Av Martin Toft
Publisert 15. sep. 2000 16:36 - Sist endra 10. des. 2008 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere