Posten kjem fram, men seint

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999


Opheim og Harring

REKLAME OG BØKER: - Ein stor del av posten som kjem hit, er reklame og bokklubbøker, fortel Brit Opheim og Ho- Soon Harring på delarkivet ved MN-fakultetet. (Foto: Ståle Skogstad)

- Det er heilt på trynet at store pakker og reklame må sorterast ut frå resten av posten på delarkiva. Det meiner Ulrik Sverdrup i Tenestemannslaget ved UiO. - Dei store postmengdene fører både til ryggsmerter og belastningsskader, fortel dei tilsette ved delarkivet på MN-fakultetet.

Av Martin Toft

Både Tenestemannslaget ved UiO, Forskarforbundet og LUHF kritiserer omlegginga av postrutinane ved universitetet. NTL krev no at postrutinane blir endra slik at dei universitetstilsette kan få post tidleg og helst to gonger om dagen akkurat slik som dei gjorde før omlegginga 1. juni i år. Difor har fagforeiningane bede universitetsleiinga om å koma med eit framlegg til nye postrutinar utan at det førebels er skjedd. Ulrik Sverdrup oppfordrar no universitetsleiinga til å koma på bana.

Sjukemelde

- Medan me har forhandla med Organisasjons- og personalavdelinga (OPA) om å akseptable postrutinar, blei den eine etter den andre av dei tre tilsette ved delarkivet til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet sjukemelde på grunn av at dei fekk tre gonger så mykje post som tidlegare, fortel Sverdrup.

I eit skriv hovudverneombod Knut Erling Semb sende til personaldirektør Grethe Fjeld Heltne i september, går det også fram at arbeidssituasjonen for dei tilsette ved delarkivet var så ille at Semb blei nøydd til å gjera universitetsleiinga merksam på at dei var i ferd med å bryta fleire viktige paragrafar i Arbeidsmiljølova og at dei allereie hadde brote paragraf 29 i Hovudavtalen. Han skildra arbeidssituasjonen som uakseptabel, og krevde at postrutinane blei endra slik at dei var i samsvar med den modellen dei var blitt einige med fagforeiningane om.

Ny arkivlov

Ulrik Sverdrup meiner årsaka til omlegginga av postrutinane er overgangen til nytt arkivsystem. Frå 1. januar blei det innført ei ny arkivlov som påla alle statsinstitusjonar spesielle plikter i samband med arkivering. Dette førte til at alle statsinstitusjonane både måtte oppretta arkiv og delarkiv.

- Ingenting skjedde ved universitetet i samband med dette før universitetsleiinga brått bestemte seg for å kutta ut ein av dei to faste postrundane frå 1. juni i år. Dei som deler ut posten på Bodsentralen, fekk vita dette ein dag før det skjedde. Det førte til at delarkivet ved MN-fakultetet fekk tre vogner fulle av post som dei tre tilsette måtte sortera i institusjonspost og personleg post. Tidlegare hadde all post gått rett til avdelingane og institutta. Dette førte til at folk fekk den personlege posten sin eitt til to døgn seinare enn tidlegare, fortel Sverdrup. Fungerande leiar for Hovudarkivet ved UiO, Geir Walderhaug, har grunngitt omlegginga av postrutinane med forskrift om offentlege arkiv paragraf 3-1. Denne paragrafen handlar om institusjonsposten og den skal etter forskrift opnast ved eit arkiv eller delarkiv.

- Diskusjonen handlar no om kvar den privatadresserte posten skal sorterast ut frå institusjonsposten. Førebels har me i alle fall fått til ei ordning der alle privatadresserte postpakker går til institutta og avdelingane, fortel Walderhaug til Uniforum.

Sverdrup står fast på at dette berre kan tyda at all annan post enn institusjonsposten kan opnast av institutta og avdelingane. Han vil gjerne presisera at Bodsentralen ikkje har skulda for at postomberinga ikkje fungerer som den skal.

Også hovudtillitsvald, Astri Ottesen i Forskarforbundet viser til at omlegginga av postrutinane kom som lyn frå klar himmel og at heller ikkje fagforeiningane blei informerte.

- Dette er klare brot på vår medverknadsavtale. Difor har me tatt saka opp med universitetsleiinga og diskutert saka i fleire møte. Likevel ventar me enno på å sjå eit godt framlegg frå universitetsleiinga som tar omsyn til alle sider ved postomberinga på universitetet, seier Ottesen til Uniforum. Leiaren for LUHF- Oslo, Lars Riddervold er heller ikkje nøgd med dagens postrutinar ved UiO.

Organisasjonane har stått saman om å krevja endringar i desse nye rutinane. Det er heilt uakseptabelt å ha post og arkivrutinar som går på helsa laus for dei tilsette. Leiinga må no ta dette på alvor, og gjera noko, meiner Riddervold.

To tonn post

Bodsentralen handsamar dagleg to tonn med post. Nytilsett bod- og transportsjef Ole A. Hansen er ansvarleg for at posten kjem til rett adresse på universitetet. Han har ikkje noko problem med å vedgå at det kan skje feil i postgangen.

- Viss ei pakke med ei datamaskin har kome til delarkivet til MN-fakultetet har det skjedd ein glipp. Men samstundes kan eg ikkje understreka sterkt nok kor viktig det er å gi opp gateadresse og etasje når ein brukar dør til dør-tenesta til Posten, seier Hansen.

Teknisk direktør Tore Christoffersen er opptatt av å få fram at postgangen ved UiO no fylgjer reglane i Lov om offentlege arkiv noko den ikkje gjorde tidlegare.

- Men eg vil likevel understreka at dei nye postrutinane er innført som ei prøveordning og at dei stadig er i endring.

Posten gir oss rygg- og skuldersmerter

- Dei store postmengdene har ført til at me må ta mange tunge løft under postsorteringa. Fylgjen har blitt at me har fått betennelse i skuldrane og fått store vanskar med å gå på grunn av ryggproblem. Det fortel Solveig Aksdal, Brit Opheim og Ho-Soon Harring som alle arbeider ved delarkivet til Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Dei har fått opptil tre gonger så mykje post som tidlegare det siste halvåret.

- Det verste dømet var den gongen me fekk inn ei datamaskin som hadde vore til reparsjon på USIT og skulle tilbake til brukaren her på fakultetet. Ein annan gong kom det ein blytung del til instrumentverkstaden til Kjemisk institutt. Ingen av desse tinga klarte me å løfta, fortel dei tre arkivtilsette. Dei nemner også døme på at bokklubbbøker, reklame og tidsskrifter adressert til dei tilsette ved fakultetet kjem til dei først. Men dei tar likevel situasjonen galgenhumoristisk.

- Ei stund var det så mykje post og så mange tunge løft at me vurderte å koma på jobb i treningsdrakt.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 18 1999

Publisert 25. nov. 1999 13:44 - Sist endra 1. sep. 2014 13:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere