Pressebiter

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999


Berge ansikt

- Truleg er det ein fordel for han [Milosevic] dersom bombinga held fram. Ein stopp i bombeaktiviteten med følgjande innmarsj av soldatar - òg russiske - bør vere nok. Eg ville bli svært overraska dersom NATO ennå ikkje har greidd å øydeleggje infrastrukturen til den serbiske krigsmaskina i Kosovo. Men NATO vil halde fram med bombinga - eine og åleine for å berge sitt ansikt.

Professor Rune Skarstein, Universitetsavisa 7/99

Suverenitet mindre viktig

- De universelle verdiene. særlig menneskerettighetene, har blitt viktigere, mens det nasjonale suverenitetsprinsippet har mistet betydning. I dette ligger også det unike i konflikten: Aldri tidligere har så mange land gått til militær aksjon for å beskytte en etnisk minoritet i en suveren stat.

Professor i europeisk historie, Odd-Bjørn Fure, På Høyden 8/99

Ei varsla katastrofe

Dei visste at katastrofen var på veg. Dei visste det i NATO. Dei visste det i OSSE. Dei visste det i FN. Dei visste det i Utanriksdepartementet. Dei visste at Kosovo-bomba tikka, og dei let henne tikka år etter år - forbi det tidspunkt da freden hadde ein sjanse. Dei var åtvara mange gonger: Krigen kjem - om det ikkje vert gripe inn medan freden framleis har ein sjanse. Det kom mange rapportar om dette. Eg skreiv ein av dei.

Berge Furre, Aftenposten 24. april

En fredelig løsning

- Det er veldig alvorlig at Rambouillet-avtalens problemer ikke ble tatt opp på et mye tidligere tidspunkt, og med større tyngde. Det er veldig alvorlig at FN har blitt spilt ut over sidelinjen. Og ikke minst er det veldig alvorlig dersom mange av oss som er kritiske til NATOs håndtering av Kosovo-krisen har rett i at det fantes, og finnes, alternative måter å nå frem til en fredelig løsning. Her er vi mange som i etterpåklokskapens lys må bære vår del av ansvaret.

Professor Nils Aarsæther, Tromsøflaket 7/99

Når tolegrensa er nådd

Jugoslavia i 1999 er ikkje Tyskland i 1939. Difor er ikkje Milosevic Hitler. Men den moralske dimensjonen er den same. Regimet i Beograd kan ikkje tolererast fordi det øver urett vi ikkje skal tola - og har gjort det i snart ti år. Når tolegrensa er nådd og ord ikkje når fram, står vi attende med eit einaste handlingsalternativ: Krig.

Førstebibliotekar Pål H. Bakka, SV fakultetsbibliotek, UiB, Aftenposten 29. april


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 7 1999

Publisert 7. mai 1999 16:22 - Sist endra 1. sep. 2014 13:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere