Norum ber alle sykla til jobben

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999


KOM I FORM: Rektor Kaare R. Norum ber alle dei tilsette om å fylgja oppmodinga hans om å koma i form ved å sykla til jobben. (Foto: Hanne Buxrud)

- Dagleg sykling gir betre helse og får folk i form. Difor sluttar Universitetet i Oslo seg til ”Sykle til jobben”-aksjonen 1999, seier rektor Kaare R. Norum.

Av Martin Toft

”Sykle til jobben”-aksjonen blir gjennomført frå 25. mai til 18. juni og er sett i gong av sykkelgruppa til Bedriftsidrettslaget ved Universitetet i Oslo. Aksjonen blir offisielt opna av rektor Kaare R. Norum onsdag 26. mai.

- Då kan alle syklande møta saman med meg på Frederikkeplassen klokka 09.00. Etter opninga kan alle styrkja seg på litt frukt, få hjelp med sykkelen eller gode råd og tips, fortel Norum, som også understrekar miljøperspektivet med aksjonen.

- Auka sykling til arbeidsplassen vil redusera biltrafikken i nærområda våre. Dessutan er det ein fin måta å få samla alle tilsette om eit positivt tiltak, synest Norum. Han oppmodar leiinga ved grunneiningane til å delta og fremja deltaking i aksjonen lokalt, og ber dei om å gi dei tilsette som deltar i organiseringa av aksjonen høve til å gjera dette arbeidet i arbeidstida.

- Eg vil difor oppfordra alle tilsette som kan sykla heile eller delar av vegen til jobben om å slutta opp om aksjonen.

Aksjonen blir avslutta på UiOs sykkeldag tysdag 22. juni med premieutdeling både til deltakarane etter loddtrekking og til dei mest aktive einingane. Uniforum vil sjølvsagt fortelja korleis det går med oppslutnaden om aksjonen og bringa sluttresultatet når det er klart.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999

Publisert 15. apr. 1999 10:48 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere