Blindern-tunnelen blir truleg skrinlagt

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999


Bystyret i Oslo vil truleg omgjera vedtaket om å byggja Blindern-tunnelen.
- Gledeleg, seier universitetsdirektør Tor Saglie.

Av Martin Toft

Nye tal frå Samferdsleetaten viser at bygginga av Blindern-tunnelen blir dobbelt så dyr som tidlegare rekna med. Det vil seia at den vil kosta 161,8 millionar kroner i staden for 86,3 millionar. Både Universitetet i Oslo og dei som bur i området, har protestert mot tunnelplanane. Likevel har kommunen sett byggjeoppdraget ut på tilbod. Universitetsdirektør Tor Saglie legg ikkje skjul på at han gler seg over at Blindern-tunnelen truleg blir skrinlagt.

- Det er glimrande det som skjer. I dag er det ikkje behov for eit nytt tverrsamband mellom Ring 2 og Ring 3. Eg vil likevel understreka at ingenting er avgjort før Byrådet gir melding til Samferdsleetaten om at byggjeplanane må stansast, seier Saglie. Han ser for seg at dei 70 millionar kronene som Staten skulle bruka på Blindern-tunnelen, heller kan brukast til arbeidet med å utbetra krysset. ved Ullevål stadion. Der held Statens vegvesen no på med å byggja ein seksfeltsveg for at krysset skal kunna ta imot den auka trafikken når det ikkje lenger vil vera mogleg å kjøra i retning nord-sør i dette krysset. Bygginga av tunnelen blei vedtatt i Oslo bystyre for tre år sidan. Planen var at 15 000 bilar dagleg skulle passera gjennom tunnelen og inn i vegkrysset Blindernveien/Kirkeveien.

Berre Venstres bystyregruppe gjekk klart imot planane. Både dei negative fylgjene for miljøet og for universitetet sine vidare utbyggingsplanar i Gaustadbekkdalen har vore dei viktigaste argumenta imot Blindern-tunnelen. Dessutan har Institutt for geologi vist til at vibrasjonar frå tungtrafikken ville ha skapt problem for måleinstrumenta til instituttet. Universitetsstudentane og foreldreutvalet ved Marienlyst skole har også gått imot byggjeplanane. Rektor Kaare R. Norum har tidlegare i år kome med fleire utspel der han har vist til kor mange ulemper Blindern-tunnelen ville ha ført til for UiO. Dette har falle mange bystyrepolitikarar tungt for brystet og dei har hevda at UiO då må vera med på å finansiera moglege nye løysingar og ikkje lata Oslo kommune ta på seg alle ekstrakostnadane. Dei nye tala frå Samferdsleetaten kan bli eit tungtvegande argument for tilhengjarane av planane til å snu utan at det kan hevdast at dei har blitt pressa til det. Men saka vil berre koma opp til ny handsaming i Bystyret dersom Byutviklingskomiteen denne veka kjem med framlegg om det.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 6 1999

Publisert 15. apr. 1999 10:48 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere