Frå idé til bedrift

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 1999


FORSKARAR MÅ BLI ETABLERAR: Dette er tre av medlemane i styringsgruppa for FORNY-prosjektet som stadig er på jakt etter forskarar som kan starta eigne bedrifter. Frå venstre professor Oddvar Søråsen, rådgjevar Jorun Pedersen og direktør for Forskingsparken A/S, Svenning Torp. (Foto: Helle Bakke)

FORNY-programmet framfor skjebnetime:

15 prosjektidear frå Universitetet i Oslo har blitt utvikla til bedrifter med pengar frå FORNY-programmet. No kan programmet koma til å bli avslutta.

Av Martin Toft

- I løpet av dei fire åra FORNY har eksistert har det kome inn over 200 prosjektidear til oss frå forskarar ved UiO. I dag er 15 av desse ideane blitt omgjort til kommersielle bedrifter som er oppe og går på eigne bein etter at me i den lokale styringsgruppa gav dei fødselshjelp. Det som me vil kalla for ei mogleg vengestekking av programmet er at leiinga ved Universitetet i Oslo vurderer å lausriva kommersialiseringspotten frå det prosjektet som no er bygd opp. Dermed kan det bli slutt på den ansvarsfordelinga me hadde tidlegare, seier tre av medlemane i styringsgruppa, rådgjevar Jorun Pedersen, direktør for Forskingsparken A/S Svenning Torp og professor og visestyrar ved Institutt for informatikk, Oddvar Søråsen.

FORNY står for forskingsbasert nyskaping og er eit idé- og utviklingsprogram igangsett og finansiert av Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) og Noregs forskingsråd. Ein samarbeidsavtale mellom Forskingsparken A/S og UiO gir Forskingsparken A/S ansvaret for kommersialiseringa medan UiO er ansvarleg for ideane og å finna fram til dei forskjellige prosjekta. Rådgjevar Jorun Pedersen i Studie- og forskingsadministrativ avdeling (SFA) fungerer som koordinator mellom Universitetet i Oslo og miljøet i Forskingsparken. Hennar jobb er å oppmoda forskarar med gode idear til å kommersialisera produkta sine med økonomisk hjelp frå FORNY-programmet og gjera dei merksame på høvet til å leiga lokale i Forskingsparken.. Styringsgruppa har årleg delt ut UiOs pott på rundt to millionar kroner i idéstimuleringstiltak til forskarane. Samtidig har Forskingsparken hatt 4,2 millionar kroner til disposisjon som har blitt brukt til kommersialisering og investering i selskapa.

- Desse pengane har me i stor grad brukt til å visa kommersialiseringspotensialet til ideane til forskarane. Målet vårt er at formidlingsomgrepet også skal koma til å omfatta kommersialiseringspotensialet til ein idé slik at også dét kan bli meritterande for ein forskar, fortel Jorun Pedersen. Svenning Torp understrekar at Forskingsparken A/S kan hjelpa forskarane i gang med å etablera bedrifter.

- Me hjelper til med å få forskarane til å patentera ideane sine og få dei til å danna bedrifter på grunnlag av desse ideane. I fjor brukte me 1,4 millionar kroner på å få UiO-forskarar til å patentera ideane sine. Samtidig går me inn og investerer i selskapet til det står på eigne bein og andre investorar kjem inn og overtar. Selskapet kan etter kvart bli sjølvfinansierande, forklarar Torp. I fjor gav investeringane i nyetableringar selskapet eit stort underskot, vedgår han. Likevel håpar både han, Jorun Pedersen og Oddvar Søråsen at FORNY I blir til FORNY II til hausten.

- Me har merka ei endring i UiOs haldning til innovasjon og idéutvikling fram mot kommersialisering. Samtidig med at denne aktiviteten svarar til forventingane samfunnet har om at forskinga må visa resultat, gjer den og nytteverdien til universitetet meir synleg, seier Søråsen. Men alle tre seier seg lei for at universitetet no vurderer å disponera kommersialiseringspotten sjølv.

- Det er nettopp kommersialiseringsdelen som har bunde UiO og Forskingsparken saman i eit svært fruktbart samarbeid når det gjeld dette prosjektet. Kva som skal skje no, dersom denne potten blir trekt ut, er det vanskeleg å spå, seier dei samrøystes.

Assisterande universitetsdirektør Inger Stray Lien seier til Uniforum at det framleis ikkje er klart om kommersialiseringspotten vil bli administrert av sentraladministrasjonen til UiO.

- Det kan godt henda at den hamnar der, men FORNY-programmet blir avslutta no til sommaren, og organiseringa av det nye programmet er enno ikkje klar. Men me trur det kjem. Då vil det blant anna bli avgjort om universitetet sjølv vil få FORNY-pengane eller om dei vil bli kanaliserte gjennom forskingsparkane, seier Stray Lien.


KUNNSKAPSBEDRIFT: - Me prøver å rekruttera verdas aller beste forskarar på framstilling av antistoffbaserte testar, fortel Ole Jørgen Marvik, som er dagleg leiar for Affitech as i Forskingsparken. (Foto: Martin Toft)

Affitech as:

Ny teknologi kan erstatta dyreforsøk

Affitech as er ei av nyetableringane i Forskingsparken A/S. Selskapet har berre eksistert sidan sommaren 1996, men har allereie rekt å utvikla seg til å bli ei av dei mest interessante bioteknologibedriftene i landet.

Ole Jørgen Marvik var stipendiat ved Biologisk institutt/Bioteknologisenteret då han starta bedrifta saman med professor Ragnhild Paulsen ved Farmasøytisk institutt i 1996. I dag har bedrifta ni tilsette, seks av dei har doktorgrad. Selskapet satsar på den internasjonale marknaden for antistoffbaserte medisinske testar som ligg på 135 milliardar kroner i året. Affitech har allereie utvikla ny teknologi som kan erstatta mange av dagens testar til dømes for måling av hormonar og vitaminar. Desse antistoffa blir normalt produserte i kroppen som reaksjon på at bakteriar, virus eller andre framande stoff har kome inn i kroppen. Den farmasøytiske industrien produserer årleg store mengder antistoff til bruk i medisinske testar som skal påvisa sjukdomar. Antistoffa blir som regel produserte i kroppane til kaniner, mus og andre forsøksdyr, men med Affitechs teknologi har det blitt mogleg å gjera heile denne prosessen i eit reagensrøyr. Dermed blir det ikkje lenger naudsynt å ta i bruk dyr for å framstilla desse antistoffa.

- Teknologien som me nyttar oss av, er framleis lite utbreidd i verda i dag. Kompetansen og menneskekapitalen vår er dei viktigaste fortrinna me har ved sidan av røynsla vår på dette feltet, fortel dagleg leiar og gründar, Ole Jørgen Marvik. Noregs forskingsråd har gjennom programmet Kapitalisering av bioteknologi (Kapbio) gitt pengar til oppstarting av selskapet. Til saman har selskapet fått inn ti millionar kroner frå offentlege og private finansieringskjelder. No er selskapet i gang med å utvikla forbetra testar for rusgifter. Den vil blant anna kunna skilja det lovlege stoffet morfin frå det ulovlege stoffet heroin i blodprøvar. Marvik kjem gjerne med eit lite hjartesukk til slutt.

- Diverre er det ikkje så populært blant dei norske forskarane å driva med industriell forsking. Skal me lukkast i å omsetja den store satsinga på grunnforsking som skjer ved universiteta til meir samfunnsnyttige produkt og tenester, er me nøydde til å få ei meir positiv haldning til samspelet mellom industri og universiteta.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 5 1999

Publisert 25. mars 1999 15:45 - Sist endra 1. sep. 2014 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere