Realistmuseum i Observatoriebygningen?

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998

- Observatoriebygningen må også ha plass til eit museum for realfaga. Det er god plass til eit slikt museum i tillegg til Senter for Ibsenstudiar. Det meiner førsteamanuensis Jan Erlvang ved Matematisk institutt.

Av Martin Toft (tekst og foto)

{short description of image} OBSERVASJON: Skulelektor Nils Voje Johansen og førsteamanuensis Jan Erlvang blir viste rundt i Observatoriebygningen av avdelingsleiar Øyvind Norheim i Norsk Musikksamling.

Saman med skulelektor Nils Voje Johansen står han i bresjen for eit initiativ som tar sikte på å lata realfaga også få eit museum i bygningen som var utgangspunktet for den naturvitskaplege forskinga ved Universitetet i Oslo. I haust vedtok Kollegiet å lata Senter for Ibsenstudiar få flytta inn i Observatoriebygningen frå dagens lokale i Universitetsbiblioteket. Dermed må Norsk Musikksamling ein eller annan gong flytta ut av bygningen. Framleis har verken Ibsensenteret flytta inn i eller Norsk Musikksamling ut av bygningen. Det vil truleg ikkje skje før Universitetsbiblioteket flyttar inn i nye lokale på Blindern og dagens UB-bygning blir omgjort til nasjonalbibliotek. I mellomtida arbeider fleire vitskapleg tilsette ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet for at ikkje Ibsensenteret skal råda grunnen åleine i Observatoriebygningen.

Naturvitskapshistorie

- Vår meining er ikkje å skvisa Senter for Ibsenstudiar ut av Observatoriebygningen. Me vil berre minna universitetet om den historia som knyter seg til denne bygningen og korleis den kan brukast til å danna ramma for ei realfagleg museumssamling, seier Erlvang. Han viser til at Observatoriebygningen frå den stod ferdig i 1834 og fram til 1934 var eit viktig senter for naturvitskapen. Professor Christopher Hansteen flytta inn med heile familien sin i 1833 og han gjorde også observasjonane som bestemte breidde- og lengdesirklane for denne bygningen. Desse koordinatane blei også gjeldande posisjon for Oslo i alle norske almanakkar fram til 1978. Bygningen var basen for norsk astronomi i nærare hundre år. Det er også den første eigne bygningen til Det Kongelige Frederiks Universitet som var namnet på Universitetet i Oslo fram til 1939. I eit brev til universitetsdirektør Tor Saglie skriv Erlvang at hovudoppgåva for eit realfagleg museum "vil være å vise realfagenes positive bidrag til samfunnsutviklingen som et motstykke til dagens mediebilde hvor realfagene oftest framkommer i en negativ kontekst. Jmf. Forurensing, drivhuseffekt, hull i ozonlaget, atombomber etc.etc." Han ser også for seg korleis dette museet kan vera med og visa kva rolle naturvitskapen sine leiande menn og kvinner har spelt i utviklinga av det moderne Noreg.

Vitskapsmannen som samfunnsperson

- Museet kan gjerast personorientert for at det skal bli lettare å skapa ein menneskeleg dimensjon over museet samtidig som det gjer det mogleg å retta merksemda mot vitskapsmannen som samfunnsperson i tillegg til sine reine faglege studiar. Dessutan kan me få eit forum der me lyftar fram nokre av våre store realfaglege vitskapsmenn, seier Erlvang. Tidlegare denne månaden fekk interesserte personar omvising i Observatoriebygningen med avdelingsleiar for Norsk Musikksamling Øyvind Norheim som guide. Turen gjekk opp til observatorietårnet med taket som kan sveivast rundt, og ned i kjellaren til markeringspunktet som viste Oslos offisielle posisjon på jordkloden. Omvisinga styrkte dei i trua på at Observatoriebygningen også kan husa eit realfagleg museum.

- Me synest det er ein glimrande idé og kan ikkje tenkja oss ein betre stad for eit museum som kan visa fram Noregs naturvitskaplege historie, konstaterer Jan Erlvang.

Med tanke på fleirtalsvedtaket i Kollegiet om å lata Senter for Ibsenstudiar flytta inn i Observatoriebygningen, kan det kanskje vera ei lita trøyst for forkjemparane for eit realfagleg museum i fylgjande Ibsensitat frå En Folkefiende. "Minoriteten har altid retten".

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998
Publisert 25. mars 1998 13:28 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere