Amputert HMS-avdeling

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998

Ingen lege
Ingen sjukepleiar
Ingen yrkeshygienikar
Ingen brannvernkonsulent

Av Martin Toft

Dette er situasjonen ved Helse-, miljø- og sikringsavdelinga til Universitetet i Oslo. Denne månaden sluttar både sjukepleiaren og yrkeshygienikaren ved avdelinga. Frå tidlegare har legestillinga stått tom i fleire år og i tillegg har brannvernkonsulenten svangerskapspermisjon. Det einaste fagpersonellet som er igjen på avdelinga er bedriftsfysioterapeuten og strålevernkonsulenten. Konsekvensen er at HMS-avdelinga i langt mindre grad enn før kan yta dei tenestene dei er pålagde å gjera overfor dei 4500 tilsette ved UiO. Bedriftssjukepleiar Sigurborg Oskarsdóttir sluttar i jobben den 1. april.

{short description of image}FORLET HMS-AVDELINGA: Arbeidssituasjonen i HMS-avdelinga blei for usikker for bedriftssjukepleiar Sigurborg Oskarsdóttir. Difor sluttar ho for å begynna i det private næringslivet. (Foto: Ståle Skogstad)




Usikker arbeidssituasjon

- Grunnen til at eg sluttar er den usikre og utilfredsstillande arbeidssituasjonen. Ingen kan fortelja oss kva som skjer med HMS-avdelinga etter at dei som leiar effektiviseringsprosjektet har gått gjennom arbeidsplassen vår og funne ut korleis arbeidet vårt skal organiserast i framtida. Det einaste svaret me har fått er at resultatet godt kan bli at våre tenester i framtida vil bli kjøpte utanfor universitetet, seier Oskarsdóttir. Ho får støtte frå bedriftsfysioterapeut Turid Telle som er ein av dei to fagpersonane som blir igjen etter at bedriftssjukepleiaren har slutta.

Ingen nytilsetjingar

- I dag held leiarane for effektiviseringsprosjektet på med å utgreia vår framtid utan at nokon frå vår avdeling er med på det. Det einaste måten me legg merke til dette på er at det ikkje blir tilsett nye folk i dei ledige stillingane etter folk som har slutta. Difor kan me ikkje lenger yta dei tenestene ei HMS-avdeling skal utføra, fortel Turid Telle.

No er HMS-avdelinga omgjort til ein seksjon innan Organisasjons- og personalavdelinga (OPA) med Reidar Hovinbøle som fungerande leiar. Det har vore på tale å tilsetja ein fast HMS-koordinator i OPA samtidig som resten av HMS-fagpersonellet skulle bli plassert rundt omkring på forskjellige fakultet. Dette er enno ikkje avgjort.

Inga hjelp frå HMS-avdelinga

- Koordinatorstillinga skulle ha blitt lyst ut i fjor haust. Det har enno ikkje blitt gjort. Sidan denne utgreiinga tar så lang tid, har me hamna i same situasjon som mange andre tilsette ved universitetet. For sjølv om UiO garanterer at ingen blir sagt opp, skapar dette så stor uvisse blant dei tilsette at det går utover både energi, arbeidsinnsats og konsentrasjon. I ein slik omstillingsprosess er det mange tilsette som stiller seg spørsmålet "kva skjer med meg?" fortel Sigurborg Oskarsdóttir.

Dette går utover helsetilstanden til mange av dei tilsette, kan Turid Telle skriva under på.

- Uvissa set seg i musklane og i magen og kan gå utover nattesvevnen. Diverre kan ikkje me hjelpa dei andre avdelingane på UiO med desse problema på grunn av at me manglar folk. Difor må dei løysa desse problema utan vår medverknad, seier ho.

Det private næringslivet

Om ei veke forlét bedrifssjukepleiar Sigurborg Oskarsdóttir HMS-avdelinga for å begynna i ny jobb i det private næringslivet.

- Der vil eg få ein mindre organisasjon som det vil bli lettare å få oversikt over. Der vil eg bli ein av fire tilsette i ei bedriftshelseteneste som står til teneste for 900 tilsette. Men samstundes vil eg seia at det er vemodig å slutta fordi universitetet har vore ein interessant arbeidsplass der det framleis finst mange uløyste oppgåver innanfor HMS-arbeidet som verne- og helsepersonell kan prøva å betra. Likevel kan eg ikkje lenger halda fram med å jobba her når arbeidssituasjonen er så usikker, forklarar Oskarsdóttir.

Dei komande 10 vekene vil HMS-avdelinga berre ha ein fagperson til stades. Denne veka dreg nemleg bedriftsfysioterapeut Turid Telle først på ferie og så på etterutdanningskurs.

Inga avgjerd før til sommaren

Personaldirektør Grethe Fjeld Heltne kan ikkje lova noka avklaring av situasjonen for HMS-avdelinga før tidlegast til sommaren.

- Me er i ferd med å reorganisera heile helse-, miljø- og sikringstenesta på universitetet fordi den ikkje har fungert godt nok. Difor vil me venta til gruppa som har gått gjennom Internkontrollen ved UiO er ferdige med arbeidet sitt, før me avgjer kva som skal skje med HMS-avdelinga. Ein fast HMS-koordinator med tilhaldsstad i Organisasjons- og personalavdelinga blir i alle fall ikkje tilsett sommaren.

- Kva vil då skje med dei tenestene som HMS-avdelinga ikkje lenger kan utføra på grunn av mangel på fagfolk?

- Dersom nokon har behov for det, vil me koma til å kjøpa bedrifshelsetenester eksternt. Seinare vil me vurdera å plassera dei HMS-tilsette ute i dei forskjellige miljøa rundt omkring på universitetet, seier Grethe Fjeld Heltne.

 

 


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998
Publisert 25. mars 1998 13:28 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere