Humaniora for lek og lærd

Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998

- Tam-tam, tam-tam, tam-tam, tam-tam,tam-tam,tam-tam, tam-tam,tam-tam,tam-tam.
- Aaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaaahahahaha!

Av Martin Toft (tekst) og Xenia Isaksen (foto)  

{short description of image}

MASKE I: Denne koparfarga kjempemaska var plassert framfor Nationaltheatrets hovudinngang under opninga av Humanioradagane.

{short description of image}

ODIN: Professor i religionshistorie Gro Steinsland fekk æra av å halda opningsforedraget i Gamle festsal. Temaet var den norrøne guden Odin.

{short description of image}

OPERAARIE: Teatersjef Ellen Horn ved Nationaltheatret opna Humanioradagane med ein skingrande operaarie frå stykket Huslærereren. Mennene som geleidar henne er leiar for arrangementskomiteen, Jan Erik Rekdal til venstre og dekan Even Hovdhaugen til høgre.

{short description of image}

LEVANDE TEATER: Ei scene frå Huslæreren blei spelt på plassen framfor Nationaltheatret. I midten teatersjef Ellen Horn.

{short description of image}

MASKE II: Denne maska av ein overpynta kvinneleg artist var ei av maskene som blei overlete til Humanioradagane frå Nationaltheatret.

{short description of image}

RYTMER FRÅ AFRIKA: Desse afrikanske musikarane varme opp publikum med afrikanske trommerytmer både under opninga og i Gamle festsal.

{short description of image}

MASKEPROSESJON: Professor i kunsthistorie Ingeborg Glambek var ei av dei som deltok i maskeprosesjonen frå Nationaltheatret til Gamle festsal.

Med afrikanske trommerytmer raskt avløyste av ein skingrande operaarie frå Nationaltheatrets stykke Huslæreren, framført av teatersjef Ellen Horn, og med avklipping av eit raudt silkeband, utført av HF-dekan Even Hovdhaugen, blei årets Humanioradagar opna frå Nationaltheatrets balkong torsdag den 19. mars. Ordet gjekk så vidare til leiar for Humaniorakomiteen, Jan Erik Rekdal som priste dette kulturelle og vitskaplege møtet mellom teaterscene og talarstol. Eit møte mellom Thalia og Akademia. Eit møte mellom mennesket og maskene der folk vil prøva å få svar på spørsmål som desse: Har mennesket nokon gong akseptert at det ser ut som det gjer? Korleis brukar me språket som maskering? Ligg det eit element av fridom bak det muslimske sløret? Som representant for Akademia gav Jan Erik Rekdal ordet tilbake til representanten for Thalia, lekamleggjort i teatersjef Ellen Horn som ynskte hell og lykke for Humanioradagane med ord som umerkeleg smaug seg rett inn i ei scene frå Huslæreren som blei framført på plassen framfor teatret. Deretter blei teatermaskene til Nationaltheatret overleverte til representantar for universitetet som leia den symbolske prosesjonen frå Ibsens og Bjørnsons teater til Gamle festsal i Universitetets urbygning.

Grensekryssing

Inne i den gamle og ærverdige festsalen samla 250 personar seg for å høyra religionshistorieprofessor Gro Steinslands opningsforedrag om "Odin - den maskerte", den norrøne guden som vågde å kryssa både dødens elv og kjønnsgrensene. Språkprofessor Rolf Theil Endresen kryssa også grenser i foredraget sitt som bar namnet '"Maskara og grimasar. Kva betyr maske?". I sitt 20 minuttar lange foredrag kryssa han både dialekt- og språkgrenser i Noreg. Han begynte med saftig nordlandsk, heldt fram med kav nynorsk for å avslutta med sin eigen dialekt frå Grenland. På nordlandsk forklarte han alle tydingane av ordet "gris", alt frå dyret til ein som ikkje vaskar opp etter seg og vidare til ein mann i 50-åra som ikkje kan lata vera å ta på fristande jenter, altså ein typisk mannsgris, etter Theil Endresens definisjon av ordet. På nynorsk fekk me ei forklaring på korleis jålebukk var ei misforstått austlandsk utgåve av det nynorske ordet jolebukk, som jo er den einaste attverande norske masketradisjonen.

Karneval i Kristiania

I det siste foredraget kunne professor i kyrkjemusikk Harald Herresthal avsløra korleis Edvard Grieg hadde klart å finna ut kven som var menn og kven som var kvinner ved hjelp av kroppskontakt under eit karneval i Italia. Det var nettopp dette og ei flaske vin som fekk den verdsberømte norske komponisten frå Bergen, til å utvikla eit positivt syn på karnevalet, viser brev som Grieg hadde skrive til nokre av sine kunstnarvenner, og som også Herresthal hadde lese. Dessutan skildra han karnevalet i Kristiania i slutten av førre hundreåret med komponisten Johan Svendsen som initiativtakar. Og midt i Noregs mest nasjonalromantiske periode fekk norsk folkemusikk ein naturleg plass i dette karnevalet. Dette møtet mellom søreuropeisk og norsk tradisjon finn ein også i Johan Svendsens spesialkomponerte musikk til denne storhendinga, kunne Herresthal fortelja.

Stappfull sal

Og tilbake i same festsal to dagar seinare er salen stappfull, folk står langs veggane og sit på golvet, for å høyra filosof Trond Berg Eriksens foredrag om "Maskefall frå Augustin til Freud". Berg Eriksen minna publikum om korleis sanningane ofte er dei mest effektive maskeringane, og korleis ei maske som blir avslørt lett kan erstattast av ei ny. Forteljinga om kollegaen hans som fortalde at han brukte klovnemaske under forelesingane sine for å vekkja interesse blant studentane, og blei møtt med svaret om at det kanskje heller var fordi han ikkje ville bli kalla for klovn etter at han hadde tatt av seg maska, er eit muntert minne frå dette foredraget.

Avsløring av sløret

Over gata til Nationaltheatret eit kvarter seinare møtte 190 personar opp for å høyra professor i religionshistorie, Per Kværne fortelja om "Guder, klovner og skjeletter - maskedans i et tibetansk kloster" før førsteamanuensis i arabisk, Gunvor Mejdell overtok med foredraget "Slør og tilsløring". Sløret kunne vera både eit teikn på fridom, tvang og erotikk alt etter kva samanheng det blei brukt i, sa ho. Det kunne verna kvinner mot innpåslitne menn på bussen, men det kunne også vera tvinga på jentene av fedrene eller brørne deira som eit vilkår for at dei skulle få høgare utdanning, eller det kunne gi jentene ein aura av mystikk og spenning overfor ein potensiell beilar. Ny innsikt, ny kunnskap og ny næring for den høgre hjernehalvdelen. Det var det rekordmange som fekk under årets Humanioradagar.

 

 

 

 


Innhold Neste Uniforum nr. 05 1998
Publisert 25. mars 1998 13:28 - Sist endra 1. sep. 2014 13:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere