Småstoff

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998

Mennesket og maskene

{short description of image}HUMANIORADAGANE: Programheftet for Humanioradagane kan du få tak i ved å ta kontakt med sekretariatet til Det historisk-filosofiske fakultetet i Administrasjonsbygningen på UiO.

- Me valde "Mennesket og maskene" som tema for årets Humanioradagar fordi me ynskjer å summera opp postmodernismen som no har avgått med døden. Karakteristisk for denne bylgja var som kjent at alt tyder alt, og at du kan lesa ut av ein tekst akkurat det du vil. Det seier komiteleiar Jan Erik Rekdal til Uniforum.

- Difor ynskjer me å gå inn på postmodernismen og finna ut kva den har gitt oss. Me har valt å gå tilbake til utgangspunktet for dei humanistiske faga, nemleg teaterscenen der retorikken blei skapt av og med personar med spesielle talegåver som prøvde å forføra massane med ordet. For å visa den nære tilknytinga mellom dei humanistiske faga og teatret, opnar årets Humanioradagar frå Nationaltheatrets balkong, fortel ein ivrig Rekdal. Det skjer torsdag 19. mars klokka 1900. Då vil ein scene frå teaterstykket "Huslæreren" spelast på plassen framfor teateret medan teatersjef Ellen Horn vil dela ut masker til universitet. Deretter skal desse maskene førast i prosesjon frå Nationaltheatret til Gamle festsal i Urbygningen til universitetet. Fram til sundag 22. mars blir det foredrag, teaterframsyningar og utstillingar i Gamle festsal, Nationaltheatret og i Historisk museum. Dessutan blir det filmframsyningar i Cinemateket i samband med Humanioradagane. Eit meir detaljert program kan du finna under "Hva skjer"- spalten på side 11 i denne avisa.

Til Hamar med sigd

Markene var ikkje kvite, sjølv om det var ein kald klår vinterdag. Men kyrkjefolket var mange, og dei fleste var mogne – då Berge Furre vart vigsla til vikarprest i Hamar bispedøme den fyrste dagen i mars. Men han skal ikkje fara over med skurdtreskjar, det blir helst småskurd med sigd.

Furre skal “berre” vikariera som prest nokre få sundagar i året. Han er allereie professor ved Det teologiske fakultet, med særskilt ansvar for å førelesa i kyrkjesoge og kyrkje og religion i det moderne samfunnet, og skal i hovudsak halda fram med det. Men i tillegg til si lærargjerning på universitetet får Furre no vera gjesteprest der det trengst mest kringom i Hamar, helst i nynorske delar av bispedømet.

Sjølv gav Furre uttrykk for at han etter å ha tenkt på det å ta til som prest 60 år gammal, hadde kome til at det ville vera rett “i den tru at eg vil bli ein betre prestelærar ved å ta på meg praktisk presteteneste”. Og han landa preika si med orda “kanskje kan eg brukast som vikarprest i Hamar, det rause bispedømet. Amen.”

Dekan ved Det teologiske fakultet, Trond Skard Dokka, peika i sine innleiingsord på at Berge Furre tok til på teologistudiet i si tid, i 1955, med tanke på å bli prest, men at livet etter kvart gjorde han til politikar, historikar og seinare til professor i teologi. Draumen om å bli prest sleppte likevel aldri heilt.

Hamarbispen Rosemarie Køhn hadde ei sjelden gåve til Furre, eit “oppstandelseskors” frå Nicaragua, med ei svanger kvinne på krossen i staden for Kristus, “eit bilete som ber bod om nytt liv, slik du skal gjera det i di presteteneste”

Furre takka og kvitterte med valspråket “det er fridomens rike me skal tena, den visjonen må me halda fast ved.”

Pris for godt læringsmiljø

Prisen for godt læringsmiljø skal deles ut for 10. gang på universitetets årsfest 2. september 1998. Prisen er på kr. 50 000 samt en plakett. Prisvinneren og gode forslag presenteres i Uniforum i forbindelse med tildelingen. Forslagene bidrar til å gi Kollegiet og Fagområdet for universitetspedagogikk kunnskap om gode miljøer og å gjøre gode tiltak og ideer allment kjent ved universitetet. Dette er av stor betydning i institusjonens arbeid med styrking av læringsmiljøet. Forslag til kandidater sendes Universitetsdirektøren innen 1. mai 1998.

Barnehageopptak

Alle tilsatte i minst ¾ stilling ved Universitetet i Oslo har anledning til å søke opptak for sin barn. Personer i rekrutteringsstillinger på alle nivåer lønnet av eksterne kilder har adgang til å søke dersom de har minst ¾ av sin arbeidsplikt ved UiO og betaler overhead til UiO. Med arbeidsplikt menes forskning, forskerutdanning og pliktarbeid. Søknadsfrist er 15. mars 1998. Søknadsskjema for opptak fås i Organisasjons- og personalavdelingen, Administrasjonsbygningen, 5. etasje, eller vil bli tilsendt ved henvendelse på tlf. 22 85 63 81 eller 22 85 62 25.

Forskerleilighet ved Det norske institutt i Roma

Det norske institutt i Roma, som er organisert under Det historisk-filosofiske fakultet ved Universitetet i Oslo, har til disposisjon en liten hybelleilighet for forskere (14 dager inntil et halvt år). Leiligheten har et rom med kjøkkenkrok og mulighet for to sengeplasser, pluss bad og gang med garderobeskap. Man kan ta med ledsager, men forholdene ligger ikke til rette for å ta med barn. Døgnpris Lire 30 000 (ca. kr. 128,-) for ledsager Lire 15 000 (ca. 64,-). Forskere i ordinær fast stilling ved universitetene vil bli prioritert, og ansatte ved HF-fakultetet i Oslo har fortrinnsrett. Forskerleiligheten er disponibel fra ca. 15. oktober 1998. Søknadsfristen for høsten 1998: 15. april 1998. Søknaden må inneholde opplysninger om stilling, institusjonstilknytning og faglig begrunnelse for oppholdet. Søknaden sendes: Det norske institutt i Roma, Viale Trenta Aprile 33, I-00153 Roma. Tlf.: (0039 6) 58 39 10 07, faks: (0039 6) 588 06 04.

Gjesteforskarbustader

I Uniforum nummer 2 kom me i skade for å skriva at institutt ved UiO som trengte gjesteforskarbustader, måtte ta kontakt med Seksjon for internasjonale program (tidl. Internasjonal avdeling) ved Universitetet i Oslo. Det rette er at desse institutta må ta direkte kontakt med Studentsamskipnaden i Oslo ved Ann Mari Moe i SiOs boligavdeling. Ho har e-postadresse: amoe@sio.uio.no.

Nøtter

{short description of image}1 Hvem er dette?

2 Historisk museum huser tre museer. Hvilke?

3 Hvem var rektor før Inge Lønning?

4 Hvor lenge har UB ligget i Drammensveien?

5 Hva står forkortelsen IAKN for?

Svar

1 Marit Melhuus, kollegiemedlem og professor i sosialantropologi

2 Oldsaksamlingen, Myntkabinettet og Etnografisk museum

3 Bjarne A. Waaler

4 Siden 1914

5 Institutt for arkeologi, kunsthistorie og numismatikk


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 04 1998
Publisert 13. mars 1998 12:53 - Sist endra 1. sep. 2014 13:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere